Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fær hæll i mot – med ungdomssatsing

Fær hæll i mot – med ungdomssatsing

Jon Olav Ørsal Måndag 6. desember 2010

Oppkjøringa til julekabareten «Fær hæll i mot» er i full gang. Underhaldningssjef Svein Åge Saksen fortel at programmet tek form no, og øvinga er komen i gong. I år vil vi nok få sjå og høyre både gamle ringrevar, samtidig som mange yngre krefter som er komne med.  – Vi er på mange måtar komne i gong med eit lite generasjonsskifte i julerevyen, seier han. Vi har i haust hatt høve til å sjå mange av dei dyktige ungdommane på revyscena, og vi har lika det vi har sett.

Dei har vore deltakarar i både prosjektet til ungdomsskuleprosjektet, russerevyen og no sist på Svarrabergets «18 centi». Vi er glade for at dei vil ta del i julekabareten, seier Saksen. Heile gjengen gler seg til å debutere på kabaretscena i ungdomshuset 3. juledag. Det blir to framsyningar, den første kl 15.00 og så hovudframsyninga med «full pakke» som startar kl 20.00, og snart kjem billettane i salg.

Publisert: 6. desember 2010, 20:59