Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førjulskos med nissegraut.

Førjulskos med nissegraut.

Elinor Bolme Fredag 3. desember 2010

Søndag inviterer Todalen Sanitetsforening alle som har lyst til førjulstreff i Sanitetshuset. Dette er ein årleg tradisjon, der dei ungane som er fødde det inneværande år er spesielt inviterte for å få ein liten gave. I år har saniteten fornya seg litt, og arrangerer eit lite juleverksted attåt. Her vil det bli både klipping, liming og teikning, i tillegg til servering av nissegraut.

Undervegs vil det og bli ein og annan julesongen. Saniteten brukar samtidig å dele ut juleblomster til alle over 80 år i Todalen, og er du i den årsklassen og møter opp, vil du få med deg den heim denne dagen. Til slutt blir det kaffe med noko attåt og utlodning før ein kan avslutta dagen med julegrantenning på Hals.

Publisert: 3. desember 2010, 20:20