Våningshuset på Midtbø i Smålandsgrenda, eller Stuå, som vi seier i daglegtale, gikk bokstaveleg opp i røyk torsdag. Det var slett ikkje nokon dramatisk brann, men snakk om riving og kontrollert brenning. Det er Steffi og Carsten, som hadde kjøpt eigedomen no i haust, og som hadde tankar om å restaurere og modernisere eigedommen. Steffi og Carsten er opprinneleg frå Tyskland, men har bodd i Todalen det siste året, – og har no planer om å slå seg til for godt.
Les heile saka
Nok ei avstemning for månadens bilete er avslutta, og for september kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar, med biletet «Den beste maten henger høyt». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening gjer seg smått om senn klare for årets basar. Den arrangeres i Todalen Sanitetshus søndag 26. oktober mellom 15 og 18. I den anledning vil det dei neste vekene bli førehandssalg på Matkroken i Todalen og på Wenju i Amfi Surnadal. EIt par damer tjuvstarta amfisenteret i dag, som de ser. Her er det Ivar Jostein Sæther som lettbedt både kjøper lodd og blir med på bilde.
Les heile saka
Lørdag kl 11 blir det mulighet til å ta idrettsmerke på Bordholmen. Åshil Halle er organisator og oppfordrer alle trimglade til å møte opp for ei sosial friidrettsøkt på formiddagen.
Les heile saka
Morten Gåsvand har sendt oss ei orentering i forbindelse med sitt bokprosjekt om furukjemper. Han har gjennom tre år lett etter dei aller største furukjempene i Trollheimen. Mange av dei står ennå, fine og strake, i Todalen.
Les heile saka
Har ditt lag eller organisasjon eit arrangement på gang? Trening, medlemsmøte, dugnad, basar eller noko anna?? Husk å melde det inn i aktivitetskalenderen, som er ein av fordelane de har som meldlem her på todalen.no. Dette gjer det litt lettare å halda seg orientert i kva som foregår i bygda, og at kollisjonar av arrangement til ein viss grad kan unngås.
Les heile saka
Søndag ettermiddag var det full fres under trim- og friidrettsgruppa sin årlege basar i Ungdomshuset. Pilkast, lykkehjul, åresalg og ein kopp ettermiddagskaffe med græt og bakels sette basarsteminga definitivt på plass. Mange flotte gevinstar var innkommet, pluss at idrettslaget sjølv hadde kjøpt inn ein populærtrøbil som hovedgevinst.
Les heile saka
Onsdag står det fårikål på menyen på Eldremiddagen. Da er det høve til å smake på årets lam, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Ho ønskjer nye og gamle medlemar veloken til middag i Sanitetshuset onsdag til vanleg tid kl 13.00.
Les heile saka
Akkurat no er det full konsentrasjon i kaffekroken på Matkroken. 5 ivrige karar er opppmøtt til nok ein sjakk-kveld, men dei var litt forundra over at det var litt labert oppmøte. Fleira av dei faste var fraværande, slik at det var berre to parti på gang når todalen.no var innom så snarast. Dei trudde det kunne ha seg av litt for dårleg markedsføring, og oppfordra redaksjonen til litt meir omtale neste gong…
Les heile saka
Etter gjennomførte jegerprøven i vår, var eg så heldig å bli med den faste talgøgjengen sammen med pappa til Terråk i Bindalen. Dei hadde vore i dette området i ca 10-12 år no, med Ragnar Halle som jaktsjef , med full kontroll. Etter seks timer med kjøring frå Todalen, kom vi fram til Terråk.
Les heile saka
Sia natt til laurdag har Netcoms basestasjon på Halset i Todalen vore ute av drift. I nattens «mulm og mørke» vart dekninga redusert til sporadisk signal som sikkert nok kjem frå basen på Strengen eller andre plassar. Telenor mobil har fullt signal og fungerer nok som vanleg. Frå måndag kl 8.10 var feilen utbetra og det var atter full dekning.
Les heile saka
Søndag arrangerer idrettslagets trimgruppe basar saman med ski-og friidrettsgruppa. Det skjer i Ungdomshuset, og basaren startar kl 16. Ein av postane på programmet er utdeling av utmerkelsar i samband med aktivitetar i trim- og friidrettsgruppa. Det skjer ca kl 17 og etterpå blir det trekkjing.
Les heile saka