På tampen av sesongen er det mange plassar snart slutt på vinterføret. Ein snartur innom I.L. Søyas løypenett som har utspring frå området ved Vang skistadion fikk oss til å revurdere den oppfatninga. Her er det enno mykje skiføre, og eit imponerande løypenett står til disposisjon for den som har lyst på ein skitur – eller rett og slett ein topptur til Strengen.
Les heile saka
Måndag 9. april blir det Kløvertur – da er påskeferien slutt. Som vanleg er det oppmøte ved Hals og turen startar kl. 11.00.
Les heile saka
Trudy & Dave kjenner vi kanskje ikkje, men ser du på biletet ein gong til så oppdagar du nok at det er kjentfolk frå Todalshytta – Johanna Demker og Alf Bretteville-Jensen. No har dei formalisert samarbeidet på scena og kallar seg altså Trudy & Dave, og har nettopp lansert sin debutsingle «Force Of Nature», som kom til verden ved gapahuken i Fosstrøinn i Todalen.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Avgangen fra Kvanne 21:00 og 21:30, samt fra Rykkjem 21:15 og 22:15 blir i kveld innstilt pga teknisk problem, melder Fjord1
Frå kl 22.30 er det normal drift i sambandet igjen.
Med god margin vart det Magne Søyseth sitt Naturens «skrik» som gjekk til topps på årets tredje kåring. Vi gratulerer og lovar å koma innom med premie. Har du eitt bilete på lur, så send det inn til oss på red@todalen.no Kanskje sitt du med eitt bilde i papirform som kunne passa som dagens bilde? […]
Les heile saka
Dataklubben til pensjonistlaget har treff på biblioteket på Skei onsdag 11.4. kl 1100, melder Kristian Ranes. Han fortel at dei denne gongen vil få vitjing av 2 representanter frå NAV. Ellers vil den populære dataklubben ta sikte på å treffast kvar onsdag framover, ut mai.
Les heile saka
Det er 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd og det vil bli markert på kulturhuset på sjølve dagen, altså på 8. mai. Meir om det når det nærmar seg.
Les heile saka
Tysdag kveld, 10.april kl. 19.00, er alle velkomne til song- og musikkfet på Eidet bedehus. Her blir det mykje allsong og andre innslag som både vil peike tilbake på påskedagsgleda, prisa skaparverket og Guds nærver i kvardagen.
Les heile saka
Sidan vi no har lagt mars bak oss, er vi klare med ny månadens bilete kåring. Mange fine bilete er med.
Les heile saka
Så er vi i gang igjen etter påske! På bildet sees en gjeng kloke pensjonister! De har forstått noe vesentlig: nemlig hvor viktig det er å trene og holde seg i form. Det er en investering hvor utbyttet er bedre livskvalitet.
Les heile saka
Søndag kl. 16 inviterer TriOpera og koret Prosjekt 17 til den årlege Vårsongfesten på Bøfjorden Grendahus. Allsong, morostubbar, operaperler og «Seterkabaret» står på programmet – forutan ettermiddagskaffe og utlodning til lokalt kulturarbeid.«TriOpera» består av songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Nohr og pianisten Hedda Hansen Berg.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag i Sanitetshuset torsdag 12. april kl. 13:00. På menyen står «Kjøtt i mørke», kaffe og kaker.
Les heile saka