Fredag morgon kunne vi notere 5 grader på gradstokken, medan minimumstemperaturen i løpet av natta har vore på rundt 3 grader. Den siste tida har det faktisk vore sludd og slaps i regnet og nattetemperaturen har også vore på minussida. Slikt vêrbruk minner faktisk om oktobervêr!
Les heile saka
Onsdag skulle Team Otto kome på overraskande besøk til Svinvika. Med ein stor lastebil med tilhengar og 5-6 varebilar med eller utan tilhengar troppa opp i Svinvika. Ut av bilane kom det eit tital personar som alle var klare for jobb.
Les heile saka
Ski og friidrettsgruppaminner om lagseriestemnet på Bordholmen i kveld. Oppmøte klokka 18 kor det blir høve til å bade kaste, springe, spurte og hoppe med eller utan fart.
Eit etui eller iallfall deler av det er funne på gardsvegen på Hjellnes den dagen det var «Kløvertur» i Svinvikrunden. Kan det være ein av deltakarane der som har mista det? Det var den dagen deltakar både fra Todalen- og frå Rindal sanitetsforening på Kløverturen. Ta kontakt med Siv Halle på telefon 918 16 456 dersom du er eigaren!
Ola Kvendset har starta siloslåtten rekordtidleg i år. Årsaka til at han er så tidleg ute er at han har eksperimentert litt og satsa på sortar og frøblandingar som er ekstra tidleg på bakgrunn av fjorårets vanskelege fôrsituasjon. Tørke gjorde da at Ola fekk berre ein brøkdel av avlinga i førsteslåtten. Da var det ein god 3.-slått og innkjøpt fôr som redda situasjonen.
Les heile saka
Det var nok ein luftig jobb for dei som jobba med å skifte ut blåsene på fjordspennet. Dei gikk ut med ei slags vogn frå Hjellnessida og ganske langt utover. Ein litt luftig jobb som ein kan seie er typisk finvêrsarbeid, men det må nok gjerast.
Les heile saka
SJÅ HER! Historielaga minner om at fristen for å melde seg på årets busstur til Torjulvågen og Frei no nærmar seg. Påmelding må skje før 1. juni til
Marit Haugen, telefon 480 49 218 eller
John Moe, telefon 920 48 856
Her kan du lese om turen, dette ser ut til å bli ein interessant dag:
Les heile saka
Måndagar klokka elleve er det Kløverturtid både for rindalingar og todalingar, og dermed vart det Kløverturtreff i Svinvikrunden. Det vart skikkeleg triveleg!
Les heile saka
Sanitetsforeninga melder at Kløverturen måndag 27. mai blir i Svinvikrunden. Oppmøte som vanleg ved Matkroken/Halsbua: MEN det blir start frå bua kl. 10.50, altså litt tidlegare enn vanleg. Grunnen er at Rindal sanitetsforening også skal ha Kløverturen sin i Svinvikrunden måndag, og dei planlegg å vere i Svinvika kl. 11.00. Kløverturgruppa synest det kan vera kjekt å få eit treff med turgåarane frå Rindalen.
Les heile saka
Fredag starta årets Vårsøghelg. Den 25. i rekkja, med eit breitt mangfald på programmet. Fleire av aktivitetane er lagt til Kulturhuset på Skei, og vi har fanga nokre av dei frå fredag og laurdag.
Les heile saka
Våren er ei travel tid med utearbeid og mange arrangement, og denne helga er det Vårsøg i kommunen. Men likevel møttest 15 damer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Altså er det både bra og viktig med mangfald og ulike tilbod slik at mange kan ha noko å vera med på!
Les heile saka
Byggfirma Olav Haugen AS har fått ny logo og «new look» i disse dagar. Dette vil nok etter kvart bli synleg både på bilar, byggeplasskilt, arbeidsklede og sjølvsagt i annonsering.
Les heile saka