Nesten 50 kvinner i alle aldrar frå fleire plassar i kommunen tok turen til Todalen sanitetsforening sin Kvinnehelsekveld måndag kveld. Her vart det blant anna servert eit interessant foredrag av lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad. Kari er opprinneleg surnadaling, sanitetskvinne og utruleg engasjert i kvinnehelse. Da særskilt den som omhandler svangerskap og barsel.
Les heile saka
I kveld er det ordinær todelt balleik melder arrangørane da kampsportsjef Anders Miyagi Braaten er bortreist. Til og med 3. klasse fra klokka 17.30, og for dei fra 4. klasse og oppover fra 18.30.
Les heile saka
Søndag ettermiddag arrangerte Todalen historielag sin tradisjonelle «Ettermiddagskaffe» i Todalen ungdomshus. Temaet for årets arrangement var bunader, og Ole Kristian Gundersen frå Husfliden i Kristiansund var dagens foredragshaldar og bunadsekspert. Det er stor interesse for bunader, og historielaget sprengte alle positive prognoser med tanke på tilhøyrarar og måtte sette inn ekstra bord og stolar.
Les heile saka
Har du smerter i rygg og nakke, såre og trøtte bein? Orker du heller ikke reise langt for å få behandling? Da kan Nina Ryan Braaten hjelpe deg med både massasje og fotpleie.
Les heile saka
Datakurs har av og til vore eit samtaleemna i lengre tid. Kanskje det er på tide med eit lite kurs i «kvardagsdata»? Kanskje det var ein ide å kombinere dette med litt kaffeslaberas, og så ta ein liten sekvens med eit aktuelt emne attåt?
No, førstkomande onsdag vil Venner av Skulstuå forsøke å dra dette i gang; kl. 12-14 onsdag 29. januar i Gammelskulen.
Les heile saka
I år fyller Todalen Misjonsforening, «gammelforeninga», som ho også er kalla, 175 år, berre tre år etter at landsorganisasjonen «Det Norske Misjonsselskap (NMS) feira 175 år. Det er utruleg at det i 1845 vart starta ei misjonsforening i ei avsidesliggjande bygd som Todalen, ei av dei første i landet, og den første foreninga i bygda, som også var det einaste organiserte laget i meir enn tjue år.
Heilt sidan foreninga starta har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium.
Les heile saka
Todalsvennen Terje Nordgarden er svanger med en ny album som han har kalt KORSVEI. Artig er det også at han på dette albumet debuterer med norske tekster, og spesielt artig er det at teksten til den ene av låtene er skrevet sammen med Jo Sverre, da de to deltok på låtskriverseminar på Todalshytta for et par år siden. Bla videre så kan du lese hva Nordgarden skriver om KORSVEI og resten av låtene i albumet!
Les heile saka
Eiksentret i Surnadal er ny medlem i Todalen.no, og denne veka køyrer dei «Hobbykampanje som varer fram til neste helg. Her tilbyd litt tå kvart av hobbyutstyr og Simen er avbilda med hørselvern med DAB+, Skil batteridrill og Gebe strømaggregat.
Les heile saka
Har du hatt problem med mobiltelefonen og dårleg dekning i dag, så er du ikkje åleine om det. Kontakt med Telia bekreftar problema, og det er problem i eit stort område på Nordmøre. Telia fortel at det blir jobba med feilretting, og lovar at feilen skal være retta i løpe av laurdag føremiddag!
Historielaget minner om ettermiddagskaffien søndag .
Todalen historielag inviterer til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset søndag 26. januar kl. 14:00. Ole Kristian Gundersen, som er bunadstilverkar ved Flid Husfliden i Kristiansund, vil halde foredrag om Nordmørsbunaden, både kvinnebunad og mannsbunad. Han vil presentere bunadsmangfaldet slik det er i dag og dra historiske liner.
Les heile saka
Det er enno nokre som har gamle e-postadresser med «svorka.net» som heng att enno. Mailserveren til Svorka er forlengst stoppa, og det er slutt på ettersending av e-post til gamle Svorka.net-adresser.
Les heile saka
Surnadal kino har sett opp to nye filmar denne helga, og den eine kan bli den store oscarvinnaren i år! «1917» har, som ein kan lese ut frå årstalet, henta handlinga si frå 1. verdskrig. To unge britiske soldatar blir sendt ut på det som ser ut til å vere eit umulig oppdrag.
Les heile saka