Det er ikkje mukju som minnar ein om våren når ein ser ut glaset no ikveld. Men kalenderen viser April, og vi har laga månadens bilete kåring. Vi treng hjelpa di til å kåra vinnaren.
Les heile saka
Det er ikkje mukju som minnar ein om våren når ein ser ut glaset no ikveld. Men kalenderen viser April, og vi har laga månadens bilete kåring. Vi treng hjelpa di til å kåra vinnaren.
Les heile sakaDagens gladnyheit er at vi har sikra oss sal av 3 av 4 leiligheter i planlagt leilighetsbygg på Terråk i Bindal kommune, seier konsernsjef Terje Talgø. – Finansiering er vidare sikra gjennom Surnadal Sparebank, og dermed er ein lang jobb med prosjektering og sal krona med hell – og snart startar arbeidet!
Les heile sakaI regi av SuSu-programmet har det denne uka (uke 14) vært gjennomført en spørreundersøkelse blant gründere, bedrifter og virksomheter i Sunndal og Surnadal, med mål om framskaffe et kunnskapsgrunnlag for å kunne bidra med tiltak i en krevende tid for lokalt næringsliv. Undersøkelsen viser at det er en krevende situasjon for mange bedrifter. Per 3.april var 653 personer permittert fra bedrifter i Sunndal og Surnadal. Kun et fåtall av bedriftene har imidlertid gjennomført oppsigelser så langt. Situasjonen er særlig krevende innen reiseliv og handel. Tallene for bedriftene i SuSu-kommunene er noe lavere enn gjennomsnittet på landsbasis.
Les heile sakaNo er fakturaene for personleg medlemskap her på todalen.no pakka og klare for utsending. Også i år i papirversjon, noko som er litt gamaldags i desse digitale tider. Vi ønsker derfor å tilby å sende ut DIN faktura digitalt, om du sender oss di epostadresse på red@todalen.no eller via vårt kontaktskjema
Les heile sakaRute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet blir innstilt resten av kvelden grunna dårleg vêr. Planlegg for vanleg drift i morgon 03.04., skriv Fjord1 i ei melding no i kveld.
02 04 2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune har heldigvis ikkje nye påviste smittetilfelle å berette om. No forebur dei påska og har sendt ut viktig informasjon til innbyggarane på SMS:
Les heile sakaFjord1 meldte kl 12.27 at sambandet blir innstilt inntil videre på grunn av tekniske problemer. – Melder nå om normal drift fra avgang 13:00 fra Kvanne.
01.04.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune Det er no påvist korona-smitte i Surnadal kommune. -Vi har fått påvist begrensa smittetilfelle i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.
Les heile sakaDet er travle dagar på Hageland i Surnadal. Hagemøblane er forlengst på plass i butikken, og no gjer busker og planter sitt inntog i butikken. Det meste må være på plass når vårsesongen startar den 2. april, sjølv om snøbygane går rundt novene på butikken på Syltøran.
Les heile sakaKommuneoverlege Bjørn Buan har oppheva dei lokale karantenereglane som gjeld for Surnadal kommune med verknad frå og med 31. mars 2020. Frå no av er det kun dei nasjonale karantenereglane som gjeld. Kommuneoverlege presiserer at dei nasjonale karantenereglane gjeld uendra, og at personar som er underlagt dei nasjonale karantenebestemmelsane om reise utanlands eller mistanke om smitte/ nærkontakt, skal vidareføre karantenen i samsvar med dei reglane som gjeld og den informasjonen som er den enkelte har motteke.
Les heile sakaSkigruppa i T.I.L. reklamerer med nyoppkøyrte løyper på Tjønnmyra. Skiinteresserte kan gjera seg nytte av skiføret no på tampen av sesongen. Her er det rikeleg med tumleplass om du vil ta turen ut i friluft!
Laurdag hadde Matkroken besøk av ein butikktjuv av det profesjonelle slaget. Vedkomande var imidlertid attkjent og etterkvart avslørt, men vedkomande fekk nok med seg litt tobakksvarer før han storma ut av butikken, fortel handelsmann Nordvik. – Alt skjedde fort, men politiet vart kontakta, og det blir det nok oppretta sak på bakgrunn av det som skjedde, sier Ola Dalsegg ved Surnadal lensmannskontor.
Les heile saka