Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første møte i Barne- og ungdomsgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. juni 2020

På årsmøtet i Todalen Idrettslag 4.juni vart den nye organisasjonsstrukturen for Idrettslaget vedteken. Tysdag var det duka for det første møtet i den nye Barne- og ungdomsgruppa. Gruppa består av: Ola Dalsegg (leiar) Anders Gjeldnes, Ole Martin Øyen, Knut Bergli, Marit Bruset, Sina Kristin Moe, Finn Ranes og Bjørn Gunnar.

På møtet vart det bestemt at det blir fotballaktivitet for alle som vil på Bordholmen desse dagane i sommar:
                Onsdag 24.6. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 1.7. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 8.7. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 15.7. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 22.7. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 29.7. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 5.8. kl. 17:30 – 18:30
                Onsdag 12.8. kl. 17:30 – 18:30
 Tilbodet gjeld og for alle som er her på ferie og har lyst til å vere med!
 Vidare vart det bestemt å arrangere friidrett med:

  • Lengde
  • Stille lengde
  • Kast med liten ball
  • 60-meter
  • 400-meter

 Dette skjer følgjande dagar:

                Torsdag 25.7. kl. 17:30 – 18:30
                Torsdag 9.7. kl. 17:30 – 18:30
                Torsdag 16.7. kl. 17:30 – 18:30
                Torsdag 30.7. kl. 17:30 – 18:30
                Torsdag 13.8. kl. 17:30 – 18:30
 Tilbodet gjeld og alle som er her på ferie og har lyst til å vere med! Vi håper og at nordvikgardingane følgjer opp tradisjonen frå i fjor og blir med på dette.
 Elles vart det diskutert ein del andre aktivitetar, men dette kjem vi tilbake til når det er endeleg bestemt. Det er og planer om å lage ei Facebook gruppe der alle aktivitetane og informasjon frå gruppa blir tilgjengeleg for alle.

Publisert: 17. juni 2020, 06:09