Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjå Nauståfossen på sitt aller prektigaste

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2020

Tysdag var Nathan Lediard på fotooppdrag på Kårvatn – da var Nauståfossen på sitt aller flottaste.  Nathan nytta sjølsagt dette høvet til å få drona i lufta, og gjorde ei rekke fine opptak av Naustafossen for Kårvatn Fjellustyr.  

I fjella rundt Kårvatn er vår løysinga på full gang, og det er mykje vatn i elvar og fossar.  Slik som nauståfossen står fram i videosnutten som Lediard har laget så er vassføringa på rundt 9 m3/sek og jammen er det ein prektig skue.  Opptaket er ikke mer enn 38 sekund, men jammen får vi sjå Nauståfossen frå alle kantar på dei 38 sekunda. 

Turtips: Vil du ta turen for å sjå Nauståfossen live, så er det berre å kjøre til Kårvatn i Todalen, så er det ein halvtimes spasertur til fossen.  Du kan også kombinere med butikkbesøk hos Kårvatn Fjellutstyr og blir du svolten på turen så kan du stikke innom Todalshytta for ein matbit. Har du enda tid til gode går det an å svippe innom Svinviks arboret – enten på tur til eller frå Nauståfossen.

Klikk på bildet så får du 38 sekund med dei flottaste bilda vi har sett frå Nauståfossen Foto: Nathan Lediard

 

Publisert: 17. juni 2020, 15:12