For juni kan vi gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete med «Slåttonn». Denne gongen var det regelrett knock-out, med meir enn halvparten av stemmene. Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!
Les heile saka
Det fine sommarvêret vi har hatt dei to siste dagane ser ut til å halde fram til over neste helg. I dag har temperaturen vore heilt opp mot trettitalet i skuggen, og på langtidsvarselt til YR.NO ser det ut til å bli fleire slike dagar utover veka.
Les heile saka
Frå Surnadal kommune er det kome kokepåbud for abonnentane i Bjøråa vassverk, Todalen: «På grunn av svikt i desinfeksjon blir det krevd kokepåbud fra og med no. Nytt varsel gis når det opphører. Med venlig hilsen, Surnadal kommune»
Da er leveransen av vatn i gang i gjen frå Bjøråa vassverk. Dei får ikkje retta feilen på renseanlegget før måndag, og difor sender dei no urensa vatn ut til abonnentane til vassverket. Difor blir abonnentane inntil vidare pålagt kokepåbud for vatn som skal brukast til drikke eller matlaging. Vi stakk innom styringssentralen i Brusetmarka, […]
Les heile saka
Befalsvakt Gunnar Bøe melder at vassleveransen frå Bjøråa vassverk er komen i gang igjen, men med litt redusert trykk og ustabil leveranse. Det er problem med UV-anlegget som er årsak til problema. Det siste er at det blir heilt stopp i leveransen igjen ein kort periode, for å prøve å få leveransen stabil.
Les heile saka
Det kommunale vassverket i Bjøråa fikk driftsstans laurdag føremiddag. Teknisk vakt var raskt på plass i driftssentralen og konstaterte problem med UV-anlegget, og han rekna med å få anlegget i drift igjen ganske raskt. Bjøråa vassverk har vassforsyninga frå Gammelfabrikken og nedover til Todalshytta, samt boligfeltet på Flathaugan.
Agnete Øyen vart lettare sjokkert da ei gaupe kom spaserande etter asfalten forbi huset no i kveld. Ho sto i telefonen heime på Brustad da ho kika ut gjennom vinduet og fekk sjå gaupa som kom etter vegen. Gaupa stoppa og såg opp på Agnete, før ho forsette innover forbi Brusetbrua og innover i retning Lykkja før ho forsvann oppi skogen.
Les heile saka
Starten på årets laksesesong tyder på at det er lite innsig av laks til mange av elvane i distriktet. Etter midtsesongevaluering er det difor mange elvar som har innførst strengare kvotar og regulering av fisketida i samråd med Miljødirektoratet. Enkelte elvar har faktisk gått til det skrittet å frede all storlaksen.
Les heile saka
I fjøset hos Ola Kvendset i Viastua er det kø for å kome til verda i sommar. I løpet av eit par månader er det eit 30-tals kalvar som skal sjå dagens lys, og det er alt no kome 6 som er komne oppi samlebingen. Med andre ord er det ganske konsertrert kalving denne pereioden og hektisk for Ola som skal være «jordmor» for dei fleste.
Les heile saka
Stupsi, eller Reiner Thiemann som er det rette namnet er på ferie i Todalen. Da Todalen.no trefte han og kona Karin var dei bokstaveleg fortalt på gamle tomter, på Todalshytta. Dit kom han nemleg saman med ein gjeng tyske turistar på første gruppereisa som Vikingenreisen arrangerte til Todalen i 1969 – for 45 år sia.
Les heile saka
Torsdag 24. juli går startkonserten til årets Stangvikfestival. Ein festival som set kvalitet i høgsetet når det terpast på øvingar og ikkje minst når gjennomføring av konsertane skjer på dei ulike intime konsertlokala. Åpninga under årets festival er lagt til Gammelfabrikken i Todalen med Marianne Meløy og Trygve Brøske si markering av stemmerettsjubileet; STEMT. Arrangørane lovar ei fantastisk framsyning i fantastiske omgivelsar.
Les heile saka
Fredag vart det opna to nye ladestasjonar for elbilar på Nordmøre. I Amfi Surnadal, vart det montert og sett i drift ein fleksiladar. Den står på vestsia av Rema 1000, like ved trafokiosken, medan ein komplett hurtigladestasjon vart sett i drift på E39 ved Valsøytunet på Valsøya i Halsa. Ladaren på Valsøya er den første hurtigladestasjonen på Nordmøre, og ladar batteriet på elbilar på 10-30 minutt.
Les heile saka