Torsdag var det hektisk byggeaktivitet på Kvernhaugen, hos Ragnhild og John Moe. Prosjektet er eit nytt uthus på 50 m2, og denne dagen var det klart for levering frå Elementavdelingen hos Møretre. Veggane kom som ferdige element, og vart heisa på plass med kranbilen som kom med leveransen. Dermed var det berre å montere elementa i hop på fundamentet som var klart frå før.
Les heile saka
På Todalen.no hadde vi ei sak med etterlysing av sau og 2 lam i Bjøråskaret for ei vekes tid sia. Det var sauer som Eystein Opdøl på Ålvudeidet sakna, og som har vore sett nyleg. I dag dukka dei faktisk opp i kulturbeita på Bruset, og vart etter kvart gjenforent med eigaren som kom og henta dei i kveld.
Les heile saka
Tysdag var det årsmøte i Todalen Bondelag. Vi har tidlegare omtalt at Ola G. Kvendset tok over ledarjobben etter Ståle Ansnes. Ståle gikk no ut av styret i laget, etter 21 år i forskjellige styreverv – dei siste åra som leiar i laget. Frå årsmøtet har vi fått eit kortfatta møtereferat frå Håvard Halset som er […]
Les heile saka
Tordenskjold songlag inviterer til Pubkveld i Myrvang grendahus på Kvanne, lørdag 1.november kl.19.30. Der blir det Irskpreget stemning med mykje fin Irsk musikk lovar korleder Elsa Kvande i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka
Søndag arrangerer Todalen sanitetsforening basar i Sanitetshuset på Kvennset. Det skjer frå kl 14.00, med trekkjing 17.00 Den siste veka har det vore førehandssal av lodd på Matkroken, og dei rapporterer om godt loddsal så langt. Denne helga blir det også førehandsal både fredag og laurdag, og dei lokkar med mykje fine gevinstar.
Les heile saka
Det var lova at spretthoppen ved Lauvåbrua skulle bli utbetra før vinteren kom, og i går kveld skjedde det. Og som Lars Arne Bøe fra Veidekke sa det – «Veidekke kom føre vinteren». Iløpet av gårdagen var den gamle asfalten fjerna, og setninga som har oppstått etter siste storflaumen i 2003 er reparert. Etter utbetring og komprimering var det klart for asfaltering. I går kveld kom Veidedekke med 3-4 bilar med utstyr for asfaltlegging, og i løpet av ein stor time var det nytt og svart asfaltdekke.
Les heile saka
Laurdag formiddag vil Ingvild Kårvatn og Fay Johansen ha stand for organdonasjon på Matkroken frå klokka 10 og utover. Her vil dei orientere om det valget ein kan gjera om å bli organdonor, og faktisk redda fleire liv om ein sjølv skulle felle frå brått og uventa. Her blir det kaffe, kaker og minikonset med Svein Håvard Saksen og Inge Bævre attåt.
Les heile saka
Det var planlagt ny runde med sjakk på Kaffekroken førstkomande søndag, men det blir kollisjon med både haustfesta til Start 4H som foregår i skulen, og med sanitetsbasaren som foregår i Sanitetshuset søndag kveld . Derfor er arrangementet flytta til søndag 2. november til same tid kl 19.30, melder turneringsleiar Trygve Halle til Todalen.no
Søndag 26. oktober kl 18.00 er klart for haustfest for Start 4 i Todalen. Haustfesta er sjølve finalen for 4H sine aktivitetar, for da skal alle være ferdige med sine oppgåver, og dei skal stillast ut på haustfesta for å få oppgåva godkjent av dommarane. Det blir nok travelt rundt mange kjøkenbord rundt bøgda dei […]
Les heile saka
Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen Bondelag. Ola G. Kvendset tek no over leiarklubba etter Ståle Ansnes men elles er det få endringar i styret. Med seg i styret har han Håvard Halset som nestleiar, Frode Grønmyr som kasserar, Siv Halle som sekretær og Sven Olav Svinvik som styremedlem. Vi tok ein liten prat med den nye leiaren, nærast midt i plogfåra…..
Les heile saka
Vi hadde tirsdag ei sak om reingjering av Svinvikstunellen. Det har i ettertid vore reaksjon på at det var mykje skum og litt lukt fra elva som renn ned innafor tunellen. Vi tok derfor kontakt med Jogeir Ringstad hos Vakumentreprenøren, firmaet som utførte arbeidet med reingjering av tunellen. Det vart nemleg bruka store mengder med vatn i forbindelse med vaskearbeidet, og vi stillet sjølvsagt spørsmålet om dei køyrde lorten og kjemikaliane direkte i elva?
Les heile saka
På IL Søya si Facebookside meldes det om at Kevin Brusethaug fra Søya/Todalen debuterte på Nordmøre og Romsdal kretslag 2001 i helga. Kevin spilte helie 2. omgang i kampen mot Sunnmøre FK på Vestnes stadion, og klarte seg meget godt iflg. rapportene. Han ga målgivende pasning på det eine målet, og bidro til at laget hans vant 4-3 mot sunnmøringene. Kevin sitt fremst til høgre på bildet.
Les heile saka