Siste laurdag i august (23.8) er IL Søya klare med sin tradisjonelle Søyacup. Så langt er vel 45 lag påmeldt, men det er fortsatt plas til fleire skriv dei på IL Søya si Facebookside. Rekorden vart sett i fjor med nesten 60 lag, dei fleste nordmørslag, men også nokre frå trøndelag. Så langt er det berre lokale lag påmelt i følge oversikta, som er oppdatert etter kvart som laga melder seg på.
Les heile saka
Torsdag kveld var det premiere for årets Stangvikfestival. Det skjedde på Gammelfabrikken, og med 30 varmegrader utomhus var det nok bokstaveleg fortalt ei utfordring både for arrangøren og artistane å halde koken. Men folk har tydeleg vis begynt å venne seg til varmen, og førestillinga «Stemt» vart ein formiddabel suksess frå start til mål…
Les heile saka
Søndag er det nok ein gong klart for verdas største fotballturnering på Ekebergsletta. Norway Cup sparkast da i gang og over 4200 kampar skal gjennomførast på dei mange arenaene rundt om i området på Ekeberg. Også i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med mannskap i ulike klassar. Rundt 65 spelarar fordelt på 4 lag. Og dei reiser som alltid med både trenarar, oppmenn og foreldre nedover. Innlosjering av spelarar er tradisjonelt på lokale skular i omådet, og dei er venta nedoverkomne i løpet av laurdagen, då dei fleste laga spelar første kamp allerede på søndag.
Les heile saka
Roger Fagerdal startar dagen tidleg når han skal til Todalen. I femtida om morgonen, tysdag og torsdag, er han klar til å starte ut frå Melhus for å sørgje for vareforsyning til butikkane på Nordmøre som han har som kundar. Da går turen om Oppdal, og han er klar til å levere varer til første kunde på ruta på Sunndalsøra. Der er han på plass utafor porten mellom 7 og 7.30. Men det er enno langt att til Todalen….
Les heile saka
Onsdag ettermiddag arrangerte Notar visning i Smålandsgrenda. Det er Midtbø eller «Stuå» som den siste tida har ligge ute for sal på Notars heimerside, og onsdag var det fellesvisning slik at dei som var interessert kunne sjå seg rundt i både hus og uthus.
Les heile saka
Koen og Milan Bienstman har i år lagt ferieturen til Norge og Trollheimen. De kom fra Mechelen i Belgia for fem dager siden, og startet sin vandring i nydelig nordmørsnatur med oppstart i områdene ved Gjevilvasshytta. Videre tok de seg til Trollheimshytta med et par overnattinger ute i det fri i medbragt telt, før de nå sitter og slapper av på Todalshytta før ferden i morgen går videre til Innerdalshytta via Bjøråskaret.
Les heile saka
Styret i Stangvikfestivalen har beslutta at starttidspunktet for forestillinga «STEMT» i gammelfabrikken i Todalen blir kl. 19.00 torsdag den 24. juli og ikke 18.00 som tidlegare amnonsert – MEN dørene åpner kl. 18.00 og det vil da være mulig å gjenopprette bl.a. væskebalansen etter mange uker med fint vær melder styreleder Lars Inge Kvande.
Les heile saka
Visning i dag: I Smålandsgrenda i Todalen er eit småbruk, eller nærare bestemt Midtbø («Stuå» i daglegtale) til sals. På nettsida til Notar er eigedomen lagt ut for sal.
Les heile saka
Årests Stangvikfestival er komen i «startgropa», og vil som vanleg tjuvstarte i Todalen med framsyning av «STEMT» med marianne Meløy og med stangvikgardingen Trygve Brøske som tonefølgje. Det skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka torsdag 24. juli kl 18.00.
Les heile saka
No midt i ferietida høyrer litt agurkstoff med i spaltene. Denne gongen er det eit par solbriller som er funnet ved Haukåbrua. Sigrid Elise skriv i e-posten til oss: «Solbriller funnet midt i veien ved Haukåbrua. Kan hentes på L.Hals, der det for øvrig ligger et par til som er gjenglemt ved varebåndet.»
Nesten samtlege spelarar på Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen sitt G14 lag møtte i kveld opp til kveldens trening på Søyabanen. Og det var kanskje ikkje så rart, sidan Micke Dorsin kom i ens ærende ned frå hektiske omgivelser i RBK-leiren i dag for å lede gutane under kveldens fotballtrening. Avtalen var gjort på eit tidleg tidspunkt i sommar, og kvelden i kveld var einaste ledige som Dorsin hadde på det tidspunkt, sidan laget spela kamp heime mot Sogndal i går og dreg på onsdag til Irland for å spele UEFA Europa League kamp mot Sligo Rovers.
Les heile saka
Nå er det fine tilhøve dersom du likar å ta korte eller lange fjellturar. Søndag tok Jon Bruset turen til Tristeinan og Bjøråskaret, og han rapporterer det no er tørt å fint å gå i fjellet og fine tilhøve om du også vil ta med telt og sovepose for å overnatte i fjellet. Han oppfordrar også til å ta med moltespann…
Les heile saka