Søndag kveld er det klart for ny runde med sjakk igjen på Matkroken, fortel Trygve Halle. Det var stor interesse for sjakk sist vinter, med turnering og stor finale i ungdomshuset i påska. – Etter ein lang sommarfeie håper vi at mange er furkunn på litt sjakkspel og møter opp i kaffekroken på Matkroken komande søndag kl 19.30.
Les heile saka
Todalen elveeigarlag er ferdige med årets stamfiske etter laks. No er genprøvar frå dei 21 laksane som er fanga til testing og vi håper at alle blir godkjent, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Stamlaksane er no plassert i store vasskar i stamlakshuset og ventar altså på dommen frå gentestane. Prøvane blir grundig testa for å finne ut om dei har gener frå todalslaksen og med tanke på helsetilstand og eventuelt slektskap. Under stamfisket fikk dei også ein langvegsfarande raritet i garnet….
Les heile saka
Søndag var det knøtteturnering på Syltøran. Dette er eit årvis arrangement, der alle idrettslaga i kommunen går saman og lagar ei uformell knøtteturnering på tvers av klubb, lag og vennskap. Surnadal IL sin koordiator Anett Ranes er den som held i trådane, medan representantar frå dei andre lokale fotballklubbane bidreg med litt planlegging og heller meir praktisk gjennomføring.
Les heile saka
Torsdag kan Lisbet Halle feire 100-årsdagen sin. I dag bur ho på Surnadal sjukeheim, men på torsdag har ho tenkt seg heim til Austistua for å feire dagen saman med slekt og vener.
Les heile saka
Norske Kvinners Sanitetsforening har kvart år ei temaveke, og i år er temaet «Kamp mot skjønnhetstyranniet». Dette er eit viktig tema meiner sanitetskvinnene Cathrine Gujord og Elinor Bolme, og i Halsa og Surnadal vil dei spesielt ha fokus mot dei unge. For å få informasjon og debatt om emnet har sanitesforeningane i Halsa og Surnadal […]
Les heile saka
Det lokale brannlaget på Kvanne markerte på sin måte slutten på ei aktiv brannvernveke i Surnadal kommune. Tidlegare i veka hadde skulen i Todalen besøk frå det lokale brannvernet i Todalen, og no var turen komen til det lokale brannvernet på Kvanne. Dei hadde invitert både store og små for å vise fram brannstasjon, utstyret dei har og nytta høvet til å fortelje kva dei dreiv med. I løpet av dagen var eit 50-tal innom for å sjå og prøve – inkludert ordførar Lilly Gunn Nyheim.
Les heile saka
Det var skikkeleg trøkk da T-Komponent opna dørene og slepte inn publikum presis kl 12 fredag føremiddag. Tydeleg at det var stor interesse for salet, der det var massevis av limtre og andre aktuelle varer over heile lokalet. Mange var ganske bevisst på kva dei var ute for å kjøpe og det kom for raude […]
Les heile saka
21. og 22. september banker årets russ og andre bøssebærere fra Surnadal demensforening og helselag på dørene for å samle inn penger til Demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ta godt imot dem!
Les heile saka
Denne vekas søndagstur er det Halsa Historielag som står for. Dette er ein lett tur. Og går til Hestnessetra i Halsa.
Distansen er 5 km ein veg frå Hestnes og med berre høgdeforskjell på 240 meter. Om ein ønskar ein kortare tur, er det muleg å kjøyre opp Hestnesdalen (hugs bompengar), og parkere på parkeringsplassen på toppen av bakkane
Les heile saka
Denne torsdagen gikk stavgangturen til Iggeltjønna i Rindal. Iggeltjønna og området rundt er eit heilt suverent turområde og det er lett å sjå at det er lagt ned ein stor innsats for å skape eit slik flott friluftsanlegg som faktisk er mykje bruka gjennom heile året. Det går ein fin tursti rundt Iggeltjønna, og dei fleste tok runden før heile gjengen benka seg til kaffepause etterpå.
Les heile saka
I forbindelse med den internasjonale Alzheimerdagen 21.september vil Nasjonalforeningen for folkehelsen, Surnadal demensforening og helselag arrangere åpent møte på Surnadal Sjukeheim kl 18.00.
De får besøk av Marte Kvello, lege og stipendiat ved sykehuset i Levanger og NTNU.
Les heile saka
Limtrefabrikken T-Komponent i Rindal er lagt ned, og avslutter fredag 18. og laurdag 19. september med eit gigantisk sluttsal. Her vil du finne store mengder limtre i assorterte størrelser og dimensjoner i tillegg til mange restevarer og andre varer frå Talgøkolleksjonane. Vi kan nemne bad servanter, hagemøbler og restevarer av vegg- og takpanel. Her har du ein unik sjangse – bla om og sjå flygebladet med alle tilboda…
Les heile saka