Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søppelhenting også i 2016

Elinor Bolme Torsdag 31. desember 2015

I 2016 vil vi ikkje få tilsendt tømmekalenderen i posten slik vi tradisjonelt har gjort. No tilbyr HAMOS istaden ein «tømmeapp» som du kan laste ned på smarttelefon eller nettbrett. Dette er det forøvrig berre abonnentar i Surnadal og Skaun som blir berøret av, då dei er ein del av eit «spennande prøveprosjekt» i følge HAMOS si heimeside. Alternativt kan ein naturleg vis laste ned kalenderen frå heimesidene eller ringe HAMOS for å få tilsendt tømmekalenderen heim til seg. Eller rett og slett halde seg til todalen.no sin aktivitetskalender…

Nedanfor kan du lese meir frå Hamos sine nettsider om korleis du kan benytte deg av desse alternativa:

1. Last ned Hamos sin nye «tømmeapp» – slik gjør du det
«Tømmeappen» gjer meir enn å fortellje deg om tømmetid. Les mer om dette her.

2. Har du ikkje smarttelefon kan du sjølv gå inn på www.hamos.no for å finne en digital variant av tømmekalenderen. Du kan også velge og skrive ut kalenderen:Utskrift tømmekalender rute 83 Nordvik- Kårvatn

3. Om ingen av alternativa over passar for deg kan du ringe Hamos og be om å få tilsendt tømmekalenderen i posten. Da skriver dei ut den samme digitale kalenderen som ligg på deira heimeside.

4. Eller rett og slett bruke aktivitetskalenderen på todalen.no. Den skal til ei kvar tid vere rett for alle husstandar frå Nordvik-Kårvatn. (Står ikkje på www.hamos.no red anm.)

Tips frå HAMOS si heimeside:

  • Kanskje har du familie eller bekjente som kan hjelpe deg med å skaffe kalenderen i papirform, på smarttelefonen din eller på internett!
  • Er du ein av dei som har ansvar for meir enn din egen eiendom? Kanskje brukar du å sette ut dunken til di gamle tante eller andre bekjente? Ikkje noko problem! – Med tømmeappen kan du få varsling på flere eiendommer.
Publisert: 31. desember 2015, 10:00