No må du sjå ut! – Det var meldinga frå naboen, og rett utfor stuevindauga var eit rådyr i full gang med å «ribbe» ei barlindbusk. I nærleiken var det faktisk eit par rådyr til, som ikkje våga seg innom utgarden.
Les heile saka
No må du sjå ut! – Det var meldinga frå naboen, og rett utfor stuevindauga var eit rådyr i full gang med å «ribbe» ei barlindbusk. I nærleiken var det faktisk eit par rådyr til, som ikkje våga seg innom utgarden.
Les heile sakaDenne veka har Svorka jobba med vedlikehald av breibandsbasen ved Reiret. Denne basen har hatt ein type 3,5 GHz sendar som no vart skifta til meir moderne AC-teknologi. Denne basen har den siste tida berre forsynt nokre få brukarar, og dei som er berørt har no fått nye oppgraderte antenner.
Les heile sakaSøndag 3. februar kl 11.00, er det 5. søndag i åpenbaringa, og gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Kristin Strand. Takkoffer til Kyrkjebladet – etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe. Alle er velkomne!
Les heile sakaI fjor vart Todalen Grendalag (org.nr: 921156073) oppretta som arvtakar etter PT-utvalet. I samband med nytt år er det tid for å velja nytt styre til det nyoppretta laget. Årsmøte vil bli heldt i løpet av mars. Les vidare om målsettinga….
Les heile sakaTingvoll videregående skole starter randoneelinje – dette er unikt i Norge, skriv Driva.no som forteller at randoneelinjen skal ha base på Kårvatn i Todalen. – Så vidt meg bekjent blir vi den eneste skolen i landet med tilbud om randoneelinje ved skolen, og i hvert fall den eneste i fylket, sier rektor Steinar Bråthen ved Tingvoll videregående skole.
Les heile sakaI går hadde formannskapet i Surnadal kommune saka om ekstra tilskudd til tre lokale nærbutikkar som skal yte nokre ekstra tjenester på vegne av kommunen oppe i sitt møte. Nærbutikkane dette er snakk om er Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden, og drivarane her venta nok litt ekstra i spenning […]
Les heile saka«Green Book» vann «Golden Globe», og er også nominert til Oscar. Fredag 1. februar er det premiere på Surnadal kino.
Vi er tilbake i 1962 og ei italiensk-amerikansk dørvakt får jobb som sjåfør for ein mørkhuda klassisk pianist som skal på turne gjennom sørstatane i USA.
Les heile sakaNo er det jaggu høgsesong for ulike årsmøtearrangement. Vi har fått tilsendt innkallinga til Surnadal Kunstforening som minner om sin fastsette dato
Les heile sakaSurnadal Golfklubb kaller inn til årsmøte lørdag 23. februar kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.
Les heile sakaDet blir ei stor skihelg i Dalalia i 23.-24. februar, når Todalen I.L. skal arrangere NorgesCup i randonee og ventar besøk av norgeseliten, med renn for individuelle deltakarar laurdag og med sprint på søndag. Veldig artig at eliten – både herre- og dameløparane – har signalisert at dei kjem til Todalen for å delta, fortel Nils Ove Bruset, som er både rennleiar og leiar i Todalen I.L.
Les heile sakaDet var stor aktivitet, og alle heldt seg varmen da Todalen I.L. arrangerte «Barn i løypa» måndag kveld. Med fyr på peisen i gapahuken, og litt varm saft som drivstoff var det full fart både i sporet og utafor sporet. Det såg ut som både store og småe kosa seg på det gode vinterføret i lysløypa på Tjønnmyran.
Les heile saka10 år er snart gått sidan Todalen.no gjekk på lufta ein augustdag 2009 i forbindelse med lanseringa av barne tv-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Og med det ambisiøse sloganet -kvar einaste dag, så har vi faktisk klart å hatt ein grei produksjon av stoff av ulikt slag i alle desse åra. I går var styret samla for ein gjennomgang av året som har gått sidan det snart er årsmøtetid, og ikkje minst planlegge kommande år på lufta.
Les heile saka