I dag starta det fysiske arbeidet med å montere Todalspålen som skal bli Noregs høgste juletre på ein holme. I dag tidleg var det samling til svart kaffe og konfekt, og briefing for arbeidet med montering av sjølve Todalspålen. Det er Sollid Mek. som har laga fundament og påle, og ei stor stjerne som skal stå i toppen av pålen. Etter ein rask gjennomgang av prosjektet så starta arbeidet.
Les heile saka
Plana for dagens luftetur var Litjrundt, men etter tips frå ein halling, vart det i staden rundtur om Hengebrua. Frå Brusetbrua og innover langs Storelva ligg det no store isblokker langs elvbreidda etter isforra som gjekk tidlegare i veka; natt til onsdag?
Les heile saka
Fredag var det markering på Surnadal Ungdomsskule i samband med MOT-prisen som Surnadal kommune mottok tidlegare i haust. I samband med prisutdelinga hadde kommunen besøk av Regine Oen Hatten (leder MOT kjerneaktivitet) frå MOT Noreg, og Gunn Anita Gjøvik (regionleder Møre og Romsdal / Nordfjord ). På programmet for dei to stod intervju med sentrale aktørar i MOT Surnadal, mellom anna kommunaldirektør Knut Haugen og filming med tanke på vidare arbeid og motivering.
Les heile saka
Det blir fotpleie i Todalen sanitetshus før jul. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem onsdag 18. desember. Ho har ledige timar. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så snart som råd, det gjer arbeidet med timeoppsett og planlegging enklare.
Les heile saka
3. dagsfest blir det, både med revy, musikk, bevertning og ikkje minst sosialt samvær. Det lovar revykomiteen som jamnt og trutt har møttes fra september for å sette i saman eit innhaldsrikt program for bygdafolket, tilreisande og alle andre som ikkje bør la dette gå i fra seg. I år fell 3. dagen på fredag, noko som dei håpar skal bidra til fullt hus denne kvelden.
Les heile saka
Det var ordførar Margrete Svinvik som delte ut Eldrerådets Eldrearbeiderpris til Surnadal Pensjonistlags stavganggruppe under lagets julemiddag på Nordmøre folkehøgskule sist onsdag. Stavganggruppa fikk prisen for det viktige arbeidet som blir gjort for at eldre skal halde seg i god form – med varierte turmål i skog og mark i sommarhalvåret, og innendørs trim i vinterhalvåret. – Dette er eit lågterskeltilbod for folkehelsa og eit sosialt treffpunkt, eit godt tiltak, sa ordførar Margrethe Svinvik.
Les heile saka
Tysdag kveld var det rekordarta isforr ved Kårvatn. I elveløpet til Toåa er det heilt fullpakka av is, og Gudmund Kårvatn seier at han aldri har sett så mykje is i elva. Det danna seg ein ispropp i Hjellhølen, rett nedafor Kårvatn, og derfra innover til svingen ved Myrvang er elveløpet heilt fullpakka.
Les heile saka
Med november bak oss har vi tromma saman ei ny rikhaldig månadens bilete kåring. Stem på bilete du liker best,og hjelp oss finne riktig vinnar. Vi blir glad på bidrag til resten av året òg. Kanskje «ståkar» du til jul, og kan senda oss noko advent eller julebileter?
Les heile saka
I går kveld var det Brusetmarka sin tur til å få tent lysa på julegrana si. Også her har det vorte ein tradisjon med felles samling i Trudvangkrysset, servering av gløgg, pepperkaker og litt sosialt samvær. Til tross for at vêrguden hadde hatt fullt opp med regn tidlegare på dagen var det godt oppmøte med både vaksne og born frå Bruset og opp til Kårvatn.
Les heile saka
Vokalensemblet Pønsj er hovudattraksjon når juletonar fyller Todalskyrkja søndag kveld. Dertil blir Nina Braaten og arrangørkoret Prosjekt 17 å høre.
Sekstetten Pønsj vart danna i 2015. Songarane er eller har vore medlemmer av det kjente koret Ensemble Dali. Gruppa syng både julemusikk og andre ensemblesongar. – Vi har konsertert fleire stader i Midt-Norge og også i utlandet, seier Eilif Odde, TK-journalisten og songaren som i haust kontakta P17 om denne konserten. – No gled vi oss stort til å besøke Todalen!
Les heile saka
Etter eit halvt døgn med store nedbørsmengder så har det på fleire stader mellom Surnadal og Todalen no i ettermiddag rasa ut snø i vegbanen. To plassar i ved Hyldbakkan og litt over klokka 16 kom det ein del mengder ned på samme staden som raset uti stranda.
Les heile saka
Tysdag kveld er turen komen for julegrantenning i Brusetmarka. Det skjer i Trudvangkrysset kl. 18.00 og her blir det servering med julegløgg og mykje anna godt. Alle er velkomne til ei triveleg adventsstund i lokalmiljøet.
Arrangør er Brusetmarka vel.