Det kan kanskje ikkje være berre flaks når ein får to storlaksar med berre nokre timars mellomrom. Det gjorde nemleg Johan Nygård frå Vågland og det er ikkje første gongen han tek storlaks i Toåa.
Les heile saka
Det kan kanskje ikkje være berre flaks når ein får to storlaksar med berre nokre timars mellomrom. Det gjorde nemleg Johan Nygård frå Vågland og det er ikkje første gongen han tek storlaks i Toåa.
Les heile sakaStian og Arve Evensen på Todalshytta søker nå etter to ungdommer i alderen 17-25 år for å hjelpe seg til med ulike ting i den daglige driften. Etter åpningen for to uker siden har behovet meldt seg for ekstra hjelp på både kjøkken og i servering. I den forbindelse har de søkt Sparebank 1SMN i Surnadal om støtte for å ta inn ungdommer som ønsker å ha sommer arbeid, og fått innvilget plass og økonomisk støtte til to stykker.
Les heile sakaDei to karane frå Eltel trefte vi på Kårvatn i dag – oppdraget var å finjustere den trådlause telefonlinja som går oppover bygda – starter på Hjellnes og går via Talgøsetra/Reiret til Kårvatn. denne linja sørger for signal til mobiltelefonane som brukar Telia-signal – både telefon og breiband.
Les heile sakaI løpet av morgonen og føremiddagstimane er dei første laksne komne på land i Toåa. Først ute var nok Frank Hauggrim med ein laks på 3,3 kg, men hakk i hel sørga Per Ørsal og Rune Holtberget for kom det to til på 3,5- og 5,2 kg. Fine villaks av beste slag – dei to minste er tekne i Raudåhølen, medan Holtberget tok den største i nedre Teinhølen – rett ovafor Brusetbrua.
Les heile sakaHistorielaget minner om at dei arrangerer årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 16. juni kl. 19.30. Vanlege årsmøtesaker og orientering om arbeidet framover.
Les heile sakaI serien med bilete frå setrene er vi no komne til Hjellnes. I Seterbok for Todalen, skrive av Bernt Bøe, kan du lese om historia til setrene og seterlivet. Boka kan kjøpast ved å ta kontakt med Todalen historielag.
Les heile sakaDet har etter hvert blitt tradisjon å arrangere friluftsgudstjeneste i Rø-fjæra på Nordvik. I år spilte værgudene på lag, og vi fikk en trivelig gudstjeneste ved en speilblank Todalsfjord. Oppmøtet var svært bra med godt over 50 personer, og det kom folk fra Stangvik, Todalen og Surnadal, i tillegg til nordvikgardingene.
Les heile sakaI dag var det klart for den festdagen ei offisiell opning skal være. Med vêrgudane i beste stemning vart det ei kjempefin presentasjon av det flotte anlegget. Koronarestriksjonane klarte ikkje å legge nokon dempar på stemninga, men reduserte sjølvsagt talet på deltakarar.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 15. juni. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur. Det blir kaffepause på rasteplassen ved Båthølen. VEL MØTT!
Les heile sakaLaurdag kveld vart den universelt utforma fiskerampen i Båthølen kvalitetssikra av den første rullestolbrukeren. Eirik Halle var på sin andre tur i Toåa Tursti og var mektig imponert over anlegget. Denne gongen hadde han parkert ved kirka og kjørt med den elektriske rullestolen nedover turvegen.
Les heile sakaDenne veka har Gunnar Nordvik vore på jobb ved Bøkeskogen i Stangvik. Her er nytt bord på plass og det er laga ein sikrare bålplass for folk som vil grille – eller kanskje koke på svartkjelen. For ein del år sidan bygde Gunnar ein kopi av ei høyløe her, og no vart altså området oppgradert vidare.
Les heile sakaTodalen Camping er klare til å ta i mot dei første sommargjestane på den improviserte campingplassen på Bordholmen. Tilbodet er eit samarbeid mellom Todalen Idrettslag og Todalen elveeigarlag. Plassen er først og frmst etablert med tanke på eit tilbod til laksefiskarane i Toåa, men den er også open for andre som vil ha ein plass å sette campingvogna, bubilen eller teltet i sommar, fortel Laila Kvendset som er ansvarleg for den daglege drifta.
Les heile saka