Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening vil minne alle på at i veke 44 – frå 30. oktober til 5. november – er det viktig at alle set fokus på eigenberedskap. Kvar husstand bør ha vatn, mat, varmekjelder, lys, eigne medisinar med meir til å greie seg i minst fire dagar viss det blir krise.
Les heile saka
Fredag 3. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 30. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Dersom du hadde eit auge på kveldshimmelen laurdag kveld, så vart du kanskje vitne til ei delvis måneformørking i nokre minutt. Den var på sitt største kl 22.14, og skuggen av jorda dekte da ein liten skalk. Når dette skjer så ligg sola, jorda og månen på linje, slik at jorda altså kastar skugge på månen.
Les heile saka
Med aukande straumprisar er det sjølvsagt aktuelt med vedfyring igjen. Dei siste par månadene har regnet sørga for å halde straumprisane nede – sågar eit par dagar på minusnivå. Men så kom finvêret og litt kulde, og da vart det straks aktuelt å fyre opp i omnen igjen. Bjørn Kvendset rusta seg på skogsarbeid og vedhogging i Lykkjebygda i dag – det er nok ved for neste sesong, og leveringsklar først til sommaren.
Les heile saka
Neste søndag, 5. november frå klokka 15:00, inviterer Todalen Idrettslag til Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. I dag tek førehandssalet av lodd til basaren til via Vipps. Måndag 30. oktober klokka 10:00 – 14:00 og fredag 3. november klokka 10:00 – 15:00, vil i tillegg folk frå idrettslaget selge lodd på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Natt til søndag 29. oktober er det atter tid for å stille klokka. Da er det slutt på sommartida for i år, og du må stille klokka tilbake ein time. Det vil seie at du får ein time ekstra natt til søndag – ein slags bonustime som du kan nytte til å sove ein ektra time dersom du vil. Vil du være heilt korrekt så skal klokka stilles ein time bakover frå kl 03 til kl 02.
Les heile saka
Laurdag er det jebbursdagfeiring på gang i Kaffekroken. Da er det 111 år sia Lars Hals starta butikken på Todalsøra under namnet L. Hals. Dette blir feira med gratis kaffe og bakels med graut.
Les heile saka
Frå kulturavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om at det no er mogleg for lag og organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar å søke om tilskott til aktivitetar som er retta mot barn og unge, som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.
Les heile saka
Torsdag 2. november klokka 19:00 – 21:00 inviterer Kyrkja i Surnadal til temakveld om sorg på Kyrkjelydshuset på Skei. Prestane Vidar Wilhelmsen Rygh og Toril Stendah. vil her prate om det å leve vidare med sorg.
Les heile saka
Måndag 11. september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet, var det val av nye medlemmar til soknerådet for Todalen sokn. Denne veka hadde det nye soknerådet sitt sitt konstituerande møte, for å fordele dei ulike verva.
Les heile saka
Snart er det tid for lansering av årsskriftet for året 2023, det skjer i Todalen ungdomshus søndag 12. november.
Les heile saka