Frå kundemagasinet til Surnadal Transport har vi saksa ein fin artikkel om Gudmund Kvendset (Sandstad). Etter 49 år attafor rattet på lastebilen har han no planer om å avslutte karrieren i løpet av året.
Les heile saka
Frå kundemagasinet til Surnadal Transport har vi saksa ein fin artikkel om Gudmund Kvendset (Sandstad). Etter 49 år attafor rattet på lastebilen har han no planer om å avslutte karrieren i løpet av året.
Les heile sakaNettsida til Trollheimsporten.no fortel at det i Surnadal kommune er fleire søknadsfristar som kjem i nær framtid. Mellom anna søknad om kulturmidlar som har søknadsfrist 15. april. Men også søknad om støtte frå Kleivafondet, forslag til kandidatar til Kleivaprisen og utleige av idrettshall kan du lese om her.
Les heile sakaSmått og stort ved Todalen oppvekstsenter arrangerte i dag 10-kaffe for bygdefolket. Og det vart ein slager som det brukar å vere. Mykje pensjonistar, besteforeldre og foreldre hadde teke turen for både underhaldning, mat og sosialt samver.
Les heile sakaDa har vi fått ei lita helsing frå utflytta surnadaling Sivert Sæterbø som har gjort seg nokre tankar om nettsida vår. Noko redaksjonen her på todalen.no set verkeleg stor pris på! Han er og etter kva vi ser, ein habil skribent på ei side som heiter forfattarbloggen.no, så vi kan anbefale å gå inn å lese der han har linka viare til oss. Ellers håpar vi at vi får fleire livstegn både frå Sivert og andre bidragsytarar.
Les heile sakaI påska var Magne Svinvik og Frode Mikkelsen oppe i Sulvatnet for å sjekke rasutviklinga videre innover Sulamassivet.
Les heile sakaFørstkommende laurdag er det igjen en gylden anledning til å få fra seg eventuelle overskudd etter vinterens sesong. Då dreg Todalen Sanitetsforening igang med den årlege innsamlingsaksjonen til Estland igjen. Det er no det 3. året dei arrangerer dette tiltaket, og vi blir oppfordra til å komma til sanitetshuset med det vi vil gje frå oss.
Les heile sakaNo er det mange fine vårteikn å finne. Finn fram kameraet frå «vinterdvalen» og kom deg ut og finn vårstemninga. Frå Anders A. Karlsen har vi fått tilsendt nerbilete av ei humle i full aktivitet. Det finns og mange andre vårteikn som du kan fange inn og sende til oss på Todalen.no
Les heile sakaAlle er velkomne til Todalen oppvekstsenter tysdag 13.april kl.11.00-13.00 – Enkelt program ved elevar og barnehageungar – Servering – Allsong og litt prat Treng du skyss, ring skulen tlf. 71663888, seinast 12.april.
Les heile sakaDersom kaffekjelen eller potetene kokar fortare i dag enn du har vore vant til, så har det sin grunn i at det no er Råssåkraft i ledningsnettet. Den siste veka har det foregått testkjøring og justeringar, men frå i dag leveres det straum inn på distribusjonsnettet til Svorka.
Les heile sakaFrå Gran Canaria har vi fått helsing frå Aud og Ola Øyen som har ferioert i Puerto Rico. Dei skriv at ølet var kaldt, maten god og været fint. Altså ikkje noko å klaga på.
Les heile sakaFredag kl 15 vart det endeleg avgjort kven som vart kåra til årets verdiskapar. Det vart todaling og ildsjel Gudmund Kårvatn.
Les heile sakaTorsdag var det slutt for Todalen saualslag. Etter 63 år var det ikkje lenger behov for ein slik organisasjon som har ivareteke interessane til saueigarane. Laget vart stifta i 1947, og da var det nok mange som hadde behov for både skaffe seg kompetanse og hjelp til avlsarbeidet.
Les heile saka