Onsdag 26.11.14. Kl. 19.00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til medlemsmøte på Kantina ved surnadal sjukehim.
Les heile saka
Onsdag 26.11.14. Kl. 19.00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til medlemsmøte på Kantina ved surnadal sjukehim.
Les heile sakaVi har fortsatt ei 20-tals almanakkar i hendig format på lager om nokon skulle ha behov for å sortere dagane som kjem på nyåret. Prisen er berre 50,- og det er berre å ta kontakt med Mari Brusethaug Redalen (95 92 45 45) eller Elinor Bolme (90 19 62 68) for bestillingar.
Les heile sakaMoskusen som for nokre veker sia vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn var onsdag skoten i Rennebu. Den har etter kvart vorte døypt Trollheimsmoskusen, på grunn av si vandring i Trollheimen dei siste vekene. Den vart observert på Hjellnes i Todalen, og etter kvart i Vindøldalen, men onsdag var det altså slutt da den vart skoten ved Grindal i Rennebu.
Les heile sakaStangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 22. november kl. 16.00. Den siste tida har strikkepinnane, heklenålene, symaskinene og snikkarutstyret vore i full sving for å laga gevinstar til tombolaen. Her kan ein vinne julepynt, hyller og mykje anna. Elles blir det som vanleg eit stort basarbord med mange flotte gevinstar.
Les heile sakaOnsdag gikk det første nummeret av TS AVISA i trykken. Dei 7 elevane i 5-7 årstrinn ved Todalen Oppvekstsenter presenterte den nye laussalsavisa med 30 sider med aktuelt stoff frå skulen på ein introdusert pressekonferanse på trykkeriet som er fargekopimaskina på Talgø. Det var ein entusiastisk gjeng som etterkvart som eksemplara kom ut frå «pressa» og dei kunne ba gjennom den nye avisa og godkjenne resultatet. Førstkomande fredag og laurdag blir det sal av aviser på Matkroken Todalen – med ferskt nyheitsstoff.
Les heile sakaNei da, han er nok ikkje teken ut til keeper på Molde-laget, sjølv om han nok kunne tenkt seg det. Torstein er nemleg svoren Molde-tilhengar på sin hals, men er nok i yngste laget for ein slik oppgåve enno! Men Torstein Snekvik skal sørge for underhaldning, og spelar på årets cupfinaleshow for Molde FK på Youngstorget laurdag!
Les heile sakaOnsdag kveld samla randoneekvelden på Kårvatn mange skiinteresserte og skientusiastar til informasjonskveld. Sjølv om snøen enno uteblir både i bygda og i fjellet er det på tide å planlegge vinteren og sjå over turutstyret. Det har vore ei enorm utvikling på ski, sko og anna utstyr til turbruk i fjellet. Vi har også endra våre vaner når vi legg ut på skitur – vi går ikkje berre ein runde i det lettaste terrenget, for betre utstyr gir oss meir lyst til å sette utfor og få litt fart.
Les heile sakaFjord 1 melder kl 13.40 i dag at rute 46 Kvanne – Rykkjem er midlertidig innstilt på grunn av tekniske problem.
Les heile sakaI år blir det stor aktivitet når julegrana på torget utanfor Surnadal kulturhus skal tennast. Det blir i tillegg eit stort juletorg på plassen! Dette er eit samarbeid mellom Vårsøg Hotell, Kreativt Forum og kulturhuset. Her blir det salgsboder inne på torget, samt at Svorkasalen skal takast i bruk. Nesten 40 påmeldte er no registrert i følge Driva.no.
Les heile sakaI år er det 100 år sidan vår folkekjære visekunstnar og lyrikar Alf Prøysen frå Ringsaker, vart fødd. Det markeres med ein konsert i Skulstuå torsdag 20.november kl 19.00. Då kjem fulltids songar, trekkspelar, skodespelar, entertainer og todalsvenen; Odd Arne Halaas igjen til Skulstuå for å underhalda med song og musikk, melder «Venner av Skulstuå» som er arrangør.
Les heile sakaFrå det rikhaldige fotoarkivet til Todalen Historielag har vi denne gongen fått eit snart 45 år gamalt bilete. Unge skirennarar feirar her Kristen Halle sin bursdag i 1970. Gjengen på bildet er samla i stua ved Sortdal hotell i Tingvoll. Todalingen Karin Øyen frå Melen dreiv hotellet i fleire år.
Les heile sakaSøndag ettermiddag inviterte Todalen historielag sambygdingane til «bokslepp», der dei presenterte det nye årsskriftet for 2014. Det er årsskrift nummer 13 i rekkja, og inneheld 84 sider med lokalt historisk materiell både i for av tekt og mange bilder. Artiklane er rikt illustrert og i tillegg er det sett av nokre sider til «minnenes album» det det er bilder frå forskjellige hendingar og folk i mange samanhengar.
Les heile saka