Surnadal Pensjonistlag har melder om oppstart av sitt første medlemsmøte på nyåret no førstkommande tirsdag
17. januar kl 15.00 på sjukeheimen. På møte agendaen står orientering, quiz, song, servering og loddsal. Styret ønsker alle sine medlemmer vel møtt!
Les heile saka
Natt til fredag vart det nok eit jervfall – same stad og same jeger. Dermed er den ordinære kvoten for Møre og Romsdal og Trollheimsområdet fyllt – men fredag ettermiddag har vi frå pålitelige kjelder fått opplyst at fylkesmannen har tildelt eit ekstradyr.
Les heile saka
100-åringen har vorte 101, og Marcus og Martinus kjem i filmversjon. Dette er berre litt av det som skjer på Surnadal kino i januar.
Les heile saka
Det siste døgnet har ekstremvarsel om stor flo fått stor fokus i media. Sjølv om området med ekstremvarselet var sør for stad, så var det Obs-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag. Vannstanden har ikkje vore så høg som frykta, verken sør før Stadt eller her på Nordmøre. Her i Todalen var den meir som ei vanleg springflo – slik som vi opplever kvar månad ved fullmåne.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 14. januar kl 13 opp att med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Dei øvrige datoane for strikkekaffeen før påske er: […]
Les heile saka
Årets siste månadens bilete blei «Blåtimen» av Ingrid Kvendset, av eit velkjent og populært motiv. Det blei ei jamn avstemning med god deltaking, men vinnarbiletet fekk 10-20 stemmer meir enn dei tre nest mest populære. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Dette betyr at vi har funne alle kandidatene til […]
Les heile saka
Todalen IL står også i år som arrangør av to renn for Norges Skiforbund og randoneecup. Laurdag 18. februar er det individuell konkurranse, medan det søndagen er vertikal. Også i år er rennleiar Nils Ove Bruset, og han fortel at planlegginga er i startgropa med første møte no på torsdag. I følge terminlista er begge renna […]
Les heile saka
Redaksjonen oppfordrer alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender. Alle våre medlemmer har fri tilgang til å få lagt inn sine ulike aktiviteter her, men redaksjonen må leggje det inn for den enkelte forening eller bedrift som skal ha for seg noko som våre lesarar kan ha interesse av. Send […]
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening er ikkje kjent for å liggje på latsida, og har allereie starta planlegging av sine aktivitetar for 2017. Mykje skal på plass for den allsidige foreninga som driv både med utleige av leiligheter i Sanitetshuset og frivillig arbeid retta mot kvinners helse og livsvilkår.
Les heile saka
Søndag vart det felt ei jervtispe i Todalen. Det skjedde under åtejakt, og det var ei jervtispe på 9,3 kg fortel Lars Olav Lund frå Statens naturoppsyn til tk.no som skriv at jerven vart felt med eit velretta skot på rundt 45 meter.
Les heile saka
På Brusetsia av Brusetbrua er det ein skade på brukaret, der noko av fyllinga har rasa ut, og rekkverket henger i lause lufta. Det ser ikkje ut som det er nokon umiddelbar fare for meir skade, og skadestaden er godt merka av Mesta.
Les heile saka
Det såg lenge mørkt ut for å få til sjakkturnering denne vinteren. Turneringa har vore høgst uhøgtideleg, men likevel artig for deltakarane som har samla seg i Kaffekroken på Halsbua på søndagskveldar. Søndag kveld starta årets turering og den skal gå 3 søndagskveldar i januar, 2 i februar og 2 i mars – og 2 påskedag blir det storstila finale i Todalen ungdomshus, som er open for publikum.
Les heile saka