I dag gikk stavgangturen til Stangvika, med parkering og start hos gammelordføraren på Brøskja. Heile 44 deltakarar var samla på denne flotte vêrdagen, og turen gikk utover til Brøskjehagan før dei snudde og sette nasen innover igjen. Etterpå vart det samling på Svissholmen, og godt med ein kaffepause og noko å bita i .
Les heile saka
Årets Todalsdag blir i år arrangert laurdag 1. juli frå morgon til kveld. Her blir det blandt anna cup for knøttar født i 09/10 og miniputt født i 07/08, “Ræta opp” og sommarcup for lillegutt født i 05/06.
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening skal ha dugnad på Krigsminnesamlinga på Åsen.
Tidspunkt for dette måtte dessverre flyttes, og nye datoer er fredag 12. og lørdag 13. mai, begge dager kl. 10 – 16.
Les heile saka
Nytt månadsskifte markerer skifte i «Galleri Kaffekroken». Sissel Halset Storslett har i april stilt ut nokre av sine kunstverk til glede for folk som har vore innom, og hog er godt nøgd med responsen. No er turen komen til Studio Saksen, der Kristine Saksen Ulvund disponerer veggane i Kaffekroken i heile mai månad.
Les heile saka
«1950 Spionen» gjestar Surnadal kulturhus onsdag 10. mai kl. 19.00. Framsyninga som tek for seg det glade og paranoide 50-talet har fått særs gode kritikkar. CIA, KGB, kald krig, kommunisme og angsten til Arbeiderpartiet. Alt servert på ei seng av reklame for sigarettar, alkohol og det nyaste innan kvitevarer.
Les heile saka
Idrettslaget Søya har no åpna for påmelding til årets «SøyaCup». SøyaCupen 2017 blir gjennomført laurdag 26. august 2017 – og maks antall lag vil vere ca. 70 skriv klubben på si heimeside.
Les heile saka
Vi er i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.
Les heile saka
Kirsty McKinnon er rådgjevar ved Nordsøk på Tingvoll. No leiar ho eit prosjekt som skal sjå på mulegheita for å lage blomsterjord av hestemøkk, og med seg på laget har ho gjengen på Hageland i Surnadal, der ho før helga var oppteken med spørreundersøking om korleis folk brukar blomsterjorda, og kva haldningar dei har til at den i framtida kan bli laga av mellom anna hestemøkk.
Les heile saka
Helga 20.- 21. mai arrangerer Surnadal Golfklubb «Veien til GOLF-Kurs» på golfbanen.
Arrangøren ønsker alle som ønsker å bli kjent med golfsporten hjerteleg velkomne til kurset.
Les heile saka
Nytt låssystem er nå kommet på solariumet på Hett & Svett. Frem til mandag 15. mai vil det være et kort hengende ved døra som man bruker for å låse opp.
Les heile saka
Flott start for ny Stikk UT!-sesong; nydeleg ver og stor aktivitet i trimrundane! Flest besøk i Surnadal kommune har det i løpet av dagen vore på den nye trimposten på Roparen i nedre Surnadal, men det var mange som var ute på trimtur både på Storhaugen og i Svinvikrunden.
Les heile saka
I mai er det mange ekstra raudagar på kalenderen. For Matkroken Todalen medfører det avvik i opningstida – nokre dagar er det koiskope og andre er butikken heilt stengt. Denne helga er det kioskope både søndag og måndag (1. mai) frå kl 16 til kl 18. neste raudag er 17. mai – da er butikken stengt.
Les heile saka