Trimgruppa minner om sykkeltrimmen i kveld. Det er registrering på Bordholmen, men du kan sykle dit du vil og så langt som du vil! PÅ Bordholmen er det også open kiosk og salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar. Du kan også kjøpe lodd i sykkellotteriet som blir trekt på siste sykkeltrimkvelden den 12. september. Kom og bli med, oppfordrar Trimgruppa!
Høstsessongen i fotballverdenen er i full gang også på det lokale plan. Todalen.no kjem dermed med ei lita oversikt kvar veke over heimekampane til dei ulike laga, frå G10/J10 og til og med senior. Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Les heile saka
G19 Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen møtte sine overmenn mot Molde på kunstgrasbanen i Molde i kveld. Dei tapte 6-1 mot Molde etter at Molde leda 2-0 ved pause. Etter ein jamn 2.-omgang vart sluttresultatet heile 6-1. Laget var nok litt redusert da dei mangla fleire fast spearar som kaptein John Kjetil Gagnat i tillegg til dei langtidsskadde todalsspelarane Ola Talgø og Kristoffer Nordvik. Dette prega nok laget ein del, står det i ei pressemelding vi har fått frå manageren no i kveld.
56 deltakarar starta i dag føremiddag på turen over Vardan frå Todalen til Ålvundeid. været såg slett ikkje bra ut i dag tidleg, med lavt skydekke med skodde ned til 6-700 meter og regnbyger i fjella. Men værmeldinga på yr.no var meir optimistisk, og været skulle bli betre etter kvart utover dagen. Og det slo til, for dei som gikk over fjellet kunne rapportere om fine forhold, men det var nok litt blaute myrar etter regnet som kom natt til søndag.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag hadde Fiskum Quartet konsert i Todalen kyrkja. Det var ei flott førestilling, der vi fikk servert både Haydn, Pergulesi, Handel og Shostakovich av strukekvartetten til Bjarne Fiskum. Han er rekna for å være Trondheimssolistanes far, og med seg i Todalen kyrkje hadde han surnadalingen Anders Larsen (fiolin), Kristoffer Bjerke Gjærde (bratsj), Anne Lise Fagerli (cello) og sopransolisten Sigrid Elisabeth Vetlesæter Bøe.
Les heile saka
Laurdag var det ein lang fotballdag på Søyabanen. Den første kampen starta kl 09.30 og sidan har det i bostaveleg forstand vore full rulle heile dagen til dei siste kampane var ferdig i 18.30-tida. Det har vore 60 lag i aksjon på Søyabanen, og dei har tilsaman spela rundt 90 kampar. Det har vore deltakarar frå heile Nordmøre og helt til Trøndelag, der iallfall Sjetnemarka og Ranheim stilte med lag.
Les heile saka
Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.
Les heile saka
I dag debuterte Ørjan Nes Haugen og Brage Hauglann Talgø på Sunndals A-lag, i 3-divisjonskampen kampen mot Larsnes/Gursken på Larsnes stadion. Sunndal vann kampen 2-1, og det meldes at dei to debutantane fekk gode skussmål for jobben dei gjorde på banen.
Les heile saka
I.L. Søya ønsker igjen velkommen til en fartsfylte fotballturnering for knøtter , miniputter og lillegutt/lillejente. Det skjer på Søyabanen lørdag 25. august. I.L. Søya arrangerer i år Søyacupen for 12. gang.
Les heile saka
Her er bilder fra en dugnad som var arrangert for å renske ned tre, stein og løs masse i Svinvikhamran på vegen inn til Todalen. Dette her var heilt på slutten av 1980-talet, så vidt jeg minnes. I alle fall etter at jeg slutta i Tidens Krav og arbeidet litt som frilanser. Minnes at jeg ble oppringt av Adresseavisen og bedt om
å dekke denne «vegdugnaden» i Todalen, skriv Edgar Kattem på Trollheimsporten, i serien «Fra Edgar Kattems fotoarkiv».
Les heile saka
Surnadal kulturhus er ute med ny kalender for september. Der kan dei by på fleire gode filmar i kammerset, der mellom anna Kon-Tiki blir vist frå søndag 2. og onsdag 5. september, men filmen har premiere alt 24. august. Elles er det opning av Ole Mauseth si jubileumsutstilling «Marmor og bronse» i Finstuå fredag 7. september. Onsdag 5. september er det «Onsdagstreff» i Kammerset, der Kin Tiki er tema.
Les heile saka
Dei som deltek i Trollheimsmarsjen får flotte pins for innsatsen. Det vil seie at dei som deltek første eller tredje gongen blir belønna med ein flott pins. Arrangøren har også pins for 5 års deltaking på klar, men den blir først aktuell neste år. Trollheimsmarsjen blir i år arrangert for fjerde gong, da fjorårets arrangement vart avlyst på grunn av dårleg vær og skodde langt nedover liene. Arrangøren håpar at vêrgudane spelar på lag i år, slik at årets trollheimsmarsj kan gå som planlagt.
Les heile saka