Torsdag 3. januar er det klart for første opningsdag i bibliotetet, melder Karen Johanne Talgø. Todalen filial er open kvar torsdag frå kl 18.00 – 20.00 for utlån av bøker, lydband og filmar. Ho ønsker alle godt nyttår til alle, og håpar at både store og små er flike til å bruke biblioteket i 2013 også. Biblioteket er ope i skulåret.
1. nyttårsdag nytta mange å ta turen på den supre isen på Bordholmen. Her fekk både gutar, jenter, menn og falma kunsløpsentusiastar fart på seg. Isen som vart anlagt før jul var i tipp topp stand og leiken var like fornøyeleg for liten og stor. Og på sidelinja var sekkar med kakao og kaffe tilgjengelege når føtene vart litt slitne. Idrettslaget har kjøpt inn nokre køller som står til utlån nedpå der, om nokon vurderer å driste seg på ein ishoocheykamp ein gong.
Les heile saka
Marita Nordvik Bruset har sendt oss nokre fine bilder som ho har teke på nyttårsaften. Ho skriv ikkje kvar bilda er tatt, men fine er dei.
Les heile saka
Da har vi kommet over i eit spilder nytt år, og vi i redaksjonen ønsker alle våre lesere, brukere og ikkje minst bidragsytarar i 2012 alt godt i det nye. Vi går med blikket retta inn mot vårt fjerde driftsår her på todalen.no, mykje takka være bidrag og positive tilbakemeldinger nettopp fra dere «der ute». Vi […]
Les heile saka
I kveld avslutta Terje Nordvik sitt 100-årsjubileum for nærbutikken her i Todalen L. Hals. I anldninga hadde han lyssett autovernet med fakkelboksar heilt frå Todalshaugen og bortom Yttre Drivå.
Todalen.no vart naturlegvis utbedt til å sjå på, og må nok rett og slett skryte, for det var utruleg stemningsfullt. Som dei fleste hugsar, så åpna han 100-årsjubileet med eit heidundrande fyrverkeri på Bordholmen på nyttårsaften i fjor.
Les heile saka
Nokre få todalingar er litt meir varmblodige av seg enn andre. Dette har redaksjonen fått bildebevis på no i ettermiddag. Hardhausane skriv i ein epost: Godt nyttårsaftenbad!
Les heile saka
Det har vore stor trafikk på Todalen.no i jula. Trøbbel med telefonforbindelsen inn til Todalen har nok sett ein ekstra spiss på besøksfrekvensen, i tillegg til julerevy og romjulsmarsj. Romjulsmarsjen har i skrivande stund passert 600 treff sidan 4. juledag. Hittil i år er det registrert over 272.000 besøk på nettsida, som er ei auke på 26,5 % samanlikna med 2011. Det er tal som redaksjonen godt nøgd med.
Les heile saka
Det var nok ei fornuftig avgjerd å utsette Romjulsmarsjen til 4. juledag, for gårdagens snøfokk hadde nok gjort dørstokkmila lang for mange. 4. juledag var det prima forhold for den 6 km lange turen rundt bygda og trimgruppa er godt nøgd med at 124 registrerte seg for rundturen og vart servert varm gløgg eller kakao som varma godt i det kalde vêret. Det blir tross alt litt kald når gradstokken kryp under null, sjølv om det berre var 4-5 kuldegrader i lufta. Todalen.no tok turen rundt bygda med kamera, og resultat finn du i eit galleri nedafor.
Les heile saka
Da er telefonforbindelsen kommet tilbake til Todalen igjen. Kvar feilen har vorte retta har vi ikkje fått orientering om, men i følge ein epost fra informasjonssjef Anders Kroken i Telenor, skal dei angiveleg ha sendt folk til Strengen for å sjekke ut forholda der på føremiddagen i dag.
Todalingane hadde store forventningar da dei 3. juledagskveld benka seg i Todalen ungdomshus for å oppleve julerevyen «Vassækte jul». Og dei vart jammen ikkje ikkje skuffa, for på scena var det full trøkk frå første stund. Første akt var nærast dedikert det stor butikkjubileet i haust, og vi fekk oppleve livet i kaffekroken på nært hold og til stor fornøyelse for publikum. Og publikum likte det dei fekk sjå, og var rause med applausen. God og lun humor som etter kvart appelerte til mosjon av lattermusklane og mykje fin song og musikk gikk rett heim hos publikum.
Les heile saka
Første framsyninga for julerevyen «Vassækte jul» er ferdig. Det var flott framsyning, der latteren satt laust hos dei 50-tals publikum som møtte til første framsyninga som starta kl 15. Det var ein god forestilling med variert og lun humor, og sjølvsagt mykje song og musikk. Gode og sjølvskrevne songtekster, som sjølvsagt også hadde ein liten brodd innimellom. Aktørane gjorde ein god jobb på scena, og ikkje minst årets gjesteartist Johnse Settem som hausta stor applaus for sin sagaforteljing.
Les heile saka
Todalen.no har no dei siste timane prøvd å komme i kontakt med rette vedkommande i Telenor for å få ein uttalelse på kva estimat selskapet har for å rette opp feilen med telefonforbindelsen som manglar i bygda. Etter ei rekkje vidaresendingar, blandt anna til og frå dekningssjef Bjørn Andersen, fekk vi til slutt vakthavende pressetalsmann Anders Krokan på tråden. Han forsikra at dei no har kraftmannskap ute for å sjekke om det er strømtilførselen det er noko i vegen med. Desverre kunne han ikkje love noko eksakt tidspunk for når feilen kan bli retta, men han lova å halde redaksjonen oppdatert på vidare framgang i saka.
Les heile saka