Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotografering til ny bygdebok.

Fotografering til ny bygdebok.

Elinor Bolme Torsdag 27. juni 2013

I sommar skal bygdebokkontoret ta bilde av heimane i Todalen for bruk i den nye bygdeboka. Fleire innbyggjarar har ytra ønskje om å få vita når fotografen kjem slik at dei kan få rydda opp kring huset eller måla ferdig før dei dukkar opp med fotoapparatet, skriv ansvarleg for prosjektet, Norunn Holten i ein epost til redaksjonen.

Datoar er ikkje fastlagt ettersom fotograferinga vil måtte skje når været tillet det, men arbeidet vil bli gjort så fort som muleg. For den som ikkje tykkjer dei har alt på stell til fotografering,  er det derfor no på tide å gripe seg an. Dersom nokon er redd fotograferinga kjem for tidleg, kan dei ta ein telefon til Bygdebokkontoret (71 65 58 03) eller sende ein e-post til dei (norunn.holten@surnadal.kommune.no) slik at den som ønsker, kan få inngått individuelle avtalar.

Publisert: 27. juni 2013, 20:24