Søndag 16. november kl 14 er Todalen historielag aktuelle med bokslepp. Det skjer i Todalen ungdomshus og da er Årsskrift for 2014 klart for utdeling og sal. Årsskriftredaksjonen har jobba godt gjennom heile året og samla over 80 sider med historisk materiale mellom permane. Det er som vanleg mange varierte artiklar i heftet, og det er rikt illustrert med mange flotte bilder.
Les heile saka
Ny utgåve av juleheftet «Jul på Nordmøre» er i sal. I år som i fjor er det «Team Bolme» – Ola og Eivind som har lagt ut på salsturne med julehefter. Dei har lasta opp sykkeltilhengaren med julehefter og ein stor plastikkbok for å ha pengar i. Så her er det berre å halde ein eller fleire 100-lappar klare, alt etter kor mang hefter du vil ha. Eivind, som er kasserar, tykte det var praktisk at prisen i år er 100 kroner, slik at han slepp å hefte kundane med veksling.
Les heile saka
Den annonserte gudstenesta i Todalen kyrkje søndag er avlyst. Utdeling av Kyrkjebok til 4-åringane kjem på neste gudsteneste.
Les heile saka
Onsdag 19. november kl 19:00 inviterer Kårvatn Fjellutstyr til rando/toppturkveld på butikken på Kårvatn. Her vil det bli gitt ein introduksjon i denne fantastiske verdenen samt å gå gjennom forskjellig utstyr og bruksområder.
Les heile saka
Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.
Les heile saka
Mandag 17. november kl. 19.00 melder styret i Surnadal Arbeiderparti om at det er ordinært medlemsmøte på kantina på Surnadal sjukeheim.
Saksliste er som følger:
Les heile saka
Kvar måndagskveld foregår det barneleik i gymsalen i Todalen oppvekstsenter. Da er det full guffe med både gymnastikk og andre krumspring når smårollingane slår seg laus. Sist måndag var det rekordoppmøte, med 24 born og 10 foreldre, fortel Karin Halle som har sendt oss bilder frå aktiviteten.
Les heile saka
Laurdag 15. november slår Surnadal Bondelag på stortromma og inviterer til jubileumsfest i Bondehuset i Stangvik. Det er no 100 år sia det vart stifta bondelag i Stangvika, som seinare har slutta seg til Surnadal Bondelag. Da er det nok naturleg med jubileumsfeiring i Bondehuset i Stangvika. I jubileumsåret er det nordvikgardingen Oddvar Mikkelsen som er leiar i Surnadal Bondelag.
Les heile saka
I går kveld arrangerte IL Søya sin årlege basar i Myrvang. Her var det som vanleg fullt hus og retteleg basarstemning med både ballkasting, luftgeværskyting og tradisjonellt åresalg med eit enormt gevinstutvalg.
Les heile saka
I dag har vi også fått en turrapport fra Harald Egil Folden som har en fin høsttur i vakre omgivelser i Todalen med godt rindalsselskap.
Les heile saka
Laurdag formiddag opna Rindalsmessa sitt arrangement på Rindalshuset. Omtrent frå starten var det eit yrande liv og mange besøkande. I år er det heile 60 utstillarar, dei fleste frå Rindal, men også mange Surnadalingar og sjølvsagt fleire Todalingar. Det var skikkeleg trøkk utover dagen, og det var mange som bar på store bæreposar etter kvart. Frå Todalen […]
Les heile saka
Det har lenge vore stille rundt moskuskua som først vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn først på september og sia på Hjellnes den 20. september. Laurdag dukka ho fram igjen, og da i Vindøldalen. Ein rypejeger på veg til fjells trefte ho ved Holtabrua i Vindøldalen i dag, og observasjonen vart gjort kl 08.55, fortel Lars Olav Lund ved Statens Naturoppsyn til Todalen.no.
Les heile saka