Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lykkelig som liten, eller ein utkant i utkanten?

Elinor Bolme Fredag 27. mars 2015

I går kveld vart det siste folkemøtet i regi ordførar og rådmann i forbindelse med kommunereforma arrangert i Todalen. Mellom 40 og 50 personar var møtt opp for å få ei innføring i kva kommunane no er pålagt frå Regjeringa i forbindelse med denne reforma. Møtet starta med ei generell orientering fra Lilli Gunn Nyheim og Knut Haugen om kva dette kan innebære for innbyggarane i Surnadal kommune, samt planprosessen så langt i arbeidet.

Knut Haugen og Lilly Gunn Nyheim innleia om Kommunereforma på møtet i Todalen skule.  Foto. Jon Olav Ørsal

Lilly Gunn Nyheim orienterer om den enkle spørreundersøkelsen som låg på borda.

Planprosessen er forankra i vedtak i formannskap og kommunestyre, og dei har jobba jamt med prosessen sidan tidleg i fjor og skal vere ferdige og ha vedteke kva ein vil innan 1.7.2016. Og kva er det vi vil, var det essensielle spørsmålet som dei frammøtte todalingane, og mange folkevalgte frå lokalpartia i Surnadal diskuterte etter kvart som kvelden gjekk. Og meiningane var delte, men eitt sentralt punkt gjekk att: Kvifor vil ingen slå seg saman med oss/Surnadal kommune?

Terje Talgø var ein av dei som tykte dette var eit viktig punkt å reflektere over. For det er ei kjennsgjerning at dei fleste andre kommunane i rundt oss ved fleire anledningar har signalisert at dei ikkje ønsker å slå seg i lag med Surnadal. Lilly Gunn Nyheim skisserte dei ulike alternativa, og retta blikket stort sett mot Halsa, Rindal og Sør-Trøndelag. Dette var fleire av dei frammøtte noko uenig i, da dei meinte at i ikkje å gå i forhandlingar med Sunndal kommune, der vi har så mange arbeidsplassar (Hydro er 4. største arbeidsgivar for Surnadal) er lite framtidsretta.

Det var Lilly Gunn Nyheim som leda debatten etterpå.   Foto: Jon Olav Ørsal

Mange deltok i debatten etterpå.

Ragnar Halle og fleire med han meinte at Surnadal kommune heilt fint klarer seg åleine som kommune og ikkje treng å slå seg saman med nokon av naboane. Da er det fare for at vi (Todalen) ikkje berre blir ein utkant, men ein utkant i utkanten, meinte han. Palmer Vikan var ikkje heilt enig i at vi kom til å greie oss like bra åleine. Kva vil da skje med dei 40 ulike interkommunale sammarbeidprosjekta vi har med for eksempel Halsa og Rindal, når dei sleg seg i lag med andre enn Surnadal?

Ellers tykkte ordførar og rådmann at oppmøtet i Todalen var bra. Trekkkjer ein frå dei rundt 10 oppmøtte politikarane vart det nok ikkje så imponerande som det tidlegare har vore på slike store møter. Snittalderen var i tilleg ganske høg, som den hadde vore på dei andre folkemøta i kretsane.

Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. mars 2015, 08:17