Januar 2011 blei den beste månaden nokon gong for Todalen.no, og vi hadde totalt 17654 besøkande. Med det blei rekorden på 15503 frå november 2010 slått. Den beste dagen var 16. januar med 891 besøk, den nest beste dagen nokon gong.
Les heile saka
Januar 2011 blei den beste månaden nokon gong for Todalen.no, og vi hadde totalt 17654 besøkande. Med det blei rekorden på 15503 frå november 2010 slått. Den beste dagen var 16. januar med 891 besøk, den nest beste dagen nokon gong.
Les heile sakaFylkesordførar Olav Bratland meiner fortsatt at Trollheimstunellen er mest aktuell som lang, etter at dei nye utgreiingane no er klargjorte. Her går det fram at lang tunell er prissatt til 1,5 mrd, medan det andre alternativet med kort tunnel og bru kom på 1,75 mrd.
Les heile sakaMåndag 7. februar serverte Todalen Bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter. Leiaren i bondelaget, Ståle, med medhjelparane Ingebrigt, Frode, Anders og Olav, serverte nydeleg kakao, godt heimbaka brød med sunt pålegg og utruleg god heimelaga jogurt. “Slik skulle vi hatt det kvar dag!” meinte ungane. Og nestleiaren i elevrådet, Frikk, takka for “kjøle go mat” og ønska bondelaget velkomne att neste år!
Les heile sakaVi har starta på 2011, og også dette året vil styret plukka ut nokre kandidatar til månadens bilete. Vinnarane vil som i fjor få eit eksklusivt Todalen.no-krus, og vi startar naturleg nok med månadens bilete for januar. Vi håpar dykk fortsett å senda inn bilete til oss.
Les heile sakaEr du plaga med smerter i rygg eller nakke, eller har anna muskel eller skjelettplager har du mulegheit for å gjera noko med det på Surnadal Velværesenter no. Torsdag 17. februar startar dei nemleg opp med ryggskule, og i 8 torsdagar framover vil naprapat Micke Dahlgren sørge for at du får lære å trene opp rygg og kropp til å bli kvitt plagene. Her kan du lese plakaten og melde deg på.
Todalen historielag inviterer til årsmøte torsdag 10. mars. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 19.30. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og innkomne saker. Har du ei sak du vil fremje på årsmøtet, så kan du levere den til ledar i historielaget, Maren Ansnes, innan 18. fabruar. På årsmøtet vil vil «Skannarpatrulja» (Ingri og Ragnhild) vise lysbilete av gamle passfoto frå krigens dager, da alt folk i bygda måtte ta passfoto for å bruke i identitetkorta sine. Ein del av desse bileta har kome historielaget i hende og er altså no skanna og digitalisert. Elles vil historielaget orientere om arbeidet med nytt årsskrift og jubileumsskrift for Todalen kyrkje som feirar 150-årsjubileum i år. Det blir servering av tradisjonell kveldsmat. Sjå plakaten her!
Frå I.L. Søya har vi fått statistikk over deltakinga i Søya-trimmen i 2010. I.L. Søya har til 7 trimpostar, der du kan gå til fots eller på ski og registrere deg med. Strengen vart i 2010 den mest populære posten med heile 2114 namn, tett fulgt av Storsetra med 1614 besøk. Tilsaman på dei 7 postane registrert 5243 besøk gjennom året. Det er plassert trimpostar på Haugasetra (41), Evjehaugen (64), Storåsen (542) , Strengen (2114), Åsbøsnytå (626), Storsetra (1614) og Bjønndulu (242).
Les heile sakaLørdag 5. februar var det trening for G12 i Surnadal Idrettshall. 12 unge fotballgutter møtte til årets første treningsøkt, under ledelse av oppmann / ass. trener Ola Magne Nordvik. Det var en ivrig og lærevillig gjeng som møtte til trening. Først var det viktig basistrening med pasningsøvelser, og etterpå vanlig spill mot to mål. Med ca 14-15 spillere tilgjengelig blir det sannsynligvis påmeldt to 7-er lag i årets G12-serie. Dette blir løst ved en viss overlapping mellom lagene (spiller ikke kampene på samme dag), samt at noen 2001-spillere (G10) også hospiterer på G12 i en del treninger og kamper.
Les heile sakaI sterk kontrast til den kalde desembermånaden så vart januar ein rekordarta mild månad. Målingane til Jon Bruset viser at det var heile 24 dagar at maksimumstemperaturen viste varmegrader. Den 29. januar viste gradstokken heile +8,3 grader, som er januarrekord etter målingane han starta med for over 20 år sidan. Den kaldaste dagen var 14. januar, da det vart registrert -15,2 som og var den einaste dagen at temperaturen kraup under ti-talet.
Les heile sakaAktivitetskalenderen for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) G16 er klar. Du kan laste den ned ved å klikke her. Laget vann forresten årets første treningskamp mot Surnadal, der resultatet vart 3-0. Det må være oppmuntrande start på sesongen!
Nordmøre og Romsdal fotballkrets har lista for påmeldte lag til ungdoms- og vaksenfotballen klart. Den gjeld aldersbestemte klassar frå 13 år og oppover, samt dei andre divisjonane i kretsen. Her kan du laste ned lista som PDF-dokument.
Les heile sakaTorsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.
Les heile saka