I dag var Per Gjeldnes atter ein gong utkalla til å ta litt forefallande arbeid på vegen mot Kårvatn. Denne gongen var det ei stikkrenne nerast innmed Kårvatn gard som hadde godt i stykker som måtte utskiftast. Av dette hadde det vorte eit hol som var utruleg djupt etter kvart som grusen hadde forsvunne i den øydelagte røyra.
Les heile saka
Det er ein litt uvanleg plass å lage kunstutstilling, men reidar Østvik var ikkje i tvil da han vart invitert til Stangvik aldersheim for å stille ut sine kunstverk. Hensikten frå aldersheimens side var å skape litt liv og røre i kvardagen, og sjølvsagt eit ønske om at det skal kome flire besøkande til aldersheimen. Reidar Østvik fortel at han har har samarbeidd godt med dei ansatte og hatt mange trivelege stunder saman med bebuarane når han har jobba med å få utstillinga på plass. Utstillinga er forlengst på plass, og heile 60 bilder, akvarellar og måleri prydar veggane i inngangsparti, korridorar og daglegstuer.
Les heile saka
2. påskedag er det friluftsgudsteneste på Haugligardan kl 12.00. Todalskoret deltek. Offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen. Etterpå blir det grilling og aktiviteter i samarbeid med T.I.L. trimgruppa.
ICA Todalen ønskjer alle velkomne til påskehandel på den lokale nærbutikken i Todalen. Opningstider i påska er som vanleg 09.00-18.00 på måndag -onsdag før påske. Butikken er open for kioskhandel skjærtorsdag og 2. påskedag mellom 16.00 – 18-00. Påskeaften er det ordinær butikk 09.30 – 15.00, medan butikken er stengt langfredag og 1. påskedag. Her kan du laste ned plakaten med opningstider i påska.
Onsdag kveld er det open pub med Påskequiz på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Kom og treff kjentfolk i triveleg pubmiljø, oppfordrar vertskapet, Erling Halle og Synnøve Helland. Det er open pub fra kl 20.00 og Påskequiz startar kl 21.00.
Langfredag er det klart for valfarting til Skihytta på Ørsalfjellet. Den tradisjonelle Kjerringdilten startar kl 13.00, og arrangementskomiteen reknar med god deltaking. Det blir både langrenn (idealtid) og hopprenn, og det blir sågar høve til å ta skimerket. Vandrepokal og premiering. Salg av forfriskningar i kiosken.
Les heile saka
Nordvik grendalag trør til med tradisjonelt seterrenn skjærtorsdag (21. april). Det er 83. gong det arrangeres seterrenn i år og på programmet står både langrenn, kulerenn og hopprenn. Den som ønsker kan få busstransport frå Nordvik forsamlingshus og opp til høgde med setra kl 10.30 og 11.15.(Det blir fleire turar dersom det er behov). Det blir salg av pølser, saft og kaffe, samt loddsalg.
Les heile saka
Vi har fått e-post frå Martinus Torvik i Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar etter vinterdvalen torsdag den 28. april. Første vårmøtet blir ved Svinviks Arboret og marsjen vil gå i det gamle vegsystemet. Etter marsjen skal vi møtast i kafeeen. Der har representant for Norsk Vandrerfestival bedt om å […]
Les heile saka
Duoen Gøran Bolme og Lars Sæther innleia påska med Rotmokveld på Pakkhuset Kro laurdag kveld. Etter kvart samla dei nerast fullt hus, og dei tok oss med på ei reise frå starten i 1974 med Vømmøl spellmannslag og vidare fram til dagens Rotmo. På reisa som foregikk i kronologisk rekkjefølje var vi innom både Arbeidslaget, Heimeværnslaget, Vømlingan og Ola Uteligger.
Les heile saka
Start 4H arrangerer i desse tider LAN på Bordholmen. Dei starta i 18 tida i går kveld, og skal etter plana halde fram til 14 i dag. Då er det data som står i høgsetet stort sett heile tida, med minimalt med pausar bort frå maskinene. Eit LAN er eit datatreff der dei koblar seg opp på same nettverksadresse og blandt anna spelar spel mot kvarandre.
Les heile saka
Da er fotballsesongen for nokre av dei yngre spelarane godt i gang. I andre serierunde klarte unguttene på Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen å kjempe til seg ett poeng mot Træff på Øye stadion torsdag kveld. I følge Søya sine nettsider, med stor involvering av to todalsgutar; Brage Hauglann Talgø og Kristoffer Nordvik.
Les heile saka
Palmesøndag blir kulturdag i Stangvik. Etter konsert på Bondehuset er det kveldsmesse med heile påskebodskapen i kyrkja. Messetittelen “Påskevandring” inneber at tekster og tonar frå heile påskeveka fyller denne gudstenesta. Barna markerer palmesøndagens inntog med liturgisk dans og påskedagens jubel med songpantomime. Karen Oddny Gravvold syng påsketonen “Som den gylne sol” frå Halsa.
Les heile saka