Ein billist på veg til jobb i Todalen (ca kl 7.50) var uheldig og fikk knust eit sidespeil på Nordvik måndag morgon. Møtande billist fortsette utan å stanse, men billisten ønskjer kontakt da det vart ein mindre skade på bilen. Billisten oppfordrar derfor om å ta kontakt på telefon 41 04 16 12 så snart som muleg.
Då er tida kome for å stemma fram det beste biletet for 2011. No er det snart to år sidan vi starta med å stemma fram månadens bilete, og i to og eit halvt år sidan vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr av vi snart er oppe i 1000 innsendte bilete.
Les heile saka
Mellom 90 og 90 skodelystne var på plass i Ungdomshuset da Maren Ansnes kunne ønske velkomen til ettermiddagskaffe og visning av filmen ”Finnguten”. Det var produsenten sjølv, Eistein Bæverfjord som stod for visninga, og etter responsen frå publikum å døme lika dei det dei såg. Filmen var ein historisk dokumentasjon om den over hundre år gamle historia om sørsamane i fjella mellom Hemne og Rindal, og om den sjuke finnguten. Den har tidlegare gått for fulle hus både i Rindal, Betna og ikkje minst i Bæverhallen, der det var premiere på filmen.
Les heile saka
Det er dimensjonar over møbelmessa i Köln! Både «Bygg Reis Deg på» Lillestrøm og den tidlegare Ålesundsmessa blir nok som kebabkioskar å rekne i samanlikning med møbel- og interiørmessa i Köln. Den har utstillingar i 11 hallar, på tilsaman 740.000 kvadratmeter golvflate, og for å gi eit inntrykk av kor stort areal dette er så kan […]
Les heile saka
Denne veka har den tradisjonelle Kölnmessa gått av stabelen. Det er ei av Europas største møbelmesser, og som nettstad for ei møbelbygd var det naturleg at Todalen.no tok turen dit saman med møbelfolk frå Todalen. Terje Nordvik i Terjes Handelagentur er agent for Top Star kontorstoler, og jobba på standen deira denne veka.
Les heile saka
Onsdag startet Todalens knøttelag oppkjøring til 2012-sesongen. Vi trener inne i gymsalen på Todalen Skule. Det starter med fri lek i 20 minutter, så er det kanonball med to baller i 20 minutter før det er 20 minutter med fotball. Onsdag delte vi gymsalen i to og delte opp i 4 lag. De eldste på en bane og de yngste på en annen bane. Spesielt blant de yngste var det i perioder amper stemning.
Les heile saka
Rådmann Geir Vikan foreslår no å flytte alle elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter til Todalen skuleåret 2012/13. Dette fordi Stangvik skule skal renoverast for omlag 15 millionar, og kommunen har begynnt arbeidet med å finne den beste løysinga for gjennomføringa av det neste skuleåret.
Les heile saka
Bygdemobiliseringsprosjektet SPLEIS i Bøfjorden inviterer alle til ei uforglømmeleg helg i Grendahuset 20. og 21.januar 2012. Humørbonden Geir Styve held eit inspirasjonsforedrag fredag kveld med tema: Godt bygdeliv, begeistring og korleis møte utfordringar og motstand. Her melder Olaug Kvendset at det vil bli samkjøyring frå Todalen om det er nokon som vil vere med. Så langt har vi ein full bil, men der hadde vore artigt om fleire vart med herifrå. Møt opp på Hals klokka 18 i morgon kveld for samkjøyring, seier ho.
Les heile saka
Då kan vi endeleg kunngjera at den nye betalingsløysinga på ICA Nær Todalen er installert. Todalen har sia september vore utan muligheit til å betala for bensin og diesel med kort i kortautomaten ute, men no er det berre å fylle bensin og diesel utanom ordinær åpningstid att, for dei som har behov for det. -Sett […]
Les heile saka
Leiar i Ski- og friidrettsgruppa Jorid Haugen Ansnes melder om årets første barn i løypa i morgonkveld i lysløypa borti Ørsalbukta. Da er det berre å håpe at vermeldingane held mål og vi får litt kaldare temperatur som lova. Ta med deg ein venn og møt opp!
Les heile saka
Fotballsesongen er så smått kome i gang igjen på nyåret, men nokre har egentleg ikkje hatt nokon nevneverdig pause. I helga har Brage Hauglann Talgø frå Todalen og Ørjan Haugen frå Kvanne delteke på Slatlem cup i Kristiansund. Slatlem Cup er ein elitecup for dei beste G16 laga i heile fylket, pluss nokre frå trøndelag og arrangerast av CFK i Kristiansund. Hovudpremien var på heile 10000 kroner, og den fekk Ørjan og Brage vere med å vinne i si aller første turnering som sunndalsspelarar. Dei slo her motstandarar som Molde, Kristiansund og Verdal for å nemne nokre.
Les heile saka
Då var det klart for å avsløra det siste månadens bilete for 2011. Vinnaren i desember vart Bjørn Halle med biletet «Vinterlys i Todalen». Dette betyr at vi snart setter i gang stemminga på Årets Bilete for 2011.
Les heile saka