Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kampoppsettet for Søyacupen er klart

Kampoppsettet for Søyacupen er klart

Elinor Bolme Onsdag 8. august 2012

 IL Søya melder på sine nettsider at kampoppsettet for Søya-cupen no er klart. Dei har i 60 påmelte lag og inntaksstopp for fleire og kan difor være ein av få cuparrangører som er ute i så god tid med dette.

Oppsettet finn du HER.  Her kan ein filtrere på både klubb, klasse og bane for best muleg planlegging av ein lang cupdag på Søyabanen.

Ellers arrangerer klubben førstkommande laurdag «Veterantreff». Dette er ein uhøgtidleg fotballdag for inviterte spelarar som spela på A-laget til Søya under «glansdagane» i 1990-99. Dette etter initiativ frå Einar Kvande, Lars Inge Kvande og Rolv Lysø. Karane lover i følge IL Søya si nettside «good old days»- stemning, både under og etter kampane, og håpar naturlegvis at nokon tek turen for litt god underhaldning. Les meir om saka her.

 

Bildet er henta frå Romjulscupen 2006 og allereie da var dei tittulert som oldboys…

 
Først publisert: 8. august 2012, 08:00 - Sist oppdatert: 7. august 2012, 21:10