Laurdag 12. mai er det klart for sesongopning i Svinviks arboret. I arboretet er allereie rododendronblomstringa så smått igang, men den kalde våren har gjort sitt til at blomstringa har bremsa opp litt og er godt «timet» med sesongopninga, fortel Ola Bruset som er vaktmester i arboretet. Bruset fortel at det no er rydda og klart til å ta imot publikum frå både fjern og nær.
Les heile saka
På årsmøte i Todalen elveeigarlag vart Ola Bruset valgt til ny ledar i laget. Med seg i styret har han Gudmund Hyldbakk som kasserar, Asbjørn Karlsen som sekretær og Ståle Ansnes og Anders Talgø som styremedlemar. Han fortel at det i år er same fangstperiode som i 2011 i Toåa. Fisket etter laks og sjøørret startar 15. juni og varer fram til 15. august. Men laget er i år pålagt å gjera ei vurdering av fisket midt i sesongen, på grunn av den kritiske situasjonen for villaksen. Dette vart også gjort for eit par år sia.
Les heile saka
Fredag 4.mai var det den offisielle 4H-dagen. Og 4H Norge oppfordret 4H-ere til å sove ute denne natta. Start 4H bestemte derfor å ha overnattingstur på Gunnøya.
Les heile saka
Vi er enno i startfasa på maimånaden, men det tyder på at det blir ein kald månad. Det har vært frost både i natt og i gårnatt, og langtidsvarslet på yr.no tyder på at det blir kaldt i fortsettinga også. Jon Bruset har registrert minimums- og maksimumstemperaturar på Småhjellan, og har sjekka stoda frå mai 1990 og fram til no. Han fortel at for omtrent halvparten av åra har det ikkje vært minusgrader i mai. Det «værste» året var 1995 med 9 frostnetter.
Les heile saka
Fredag 11. mai kl 10-16 arrangerer Indre Nordmøre forsvarsforening dugnad på Krigsminnesamlinga på Åsen. Aktuelle gjøremål er reihald, måling og rydding, melder Olav Jostein Holten. Seinare i vår, nærare bestemt laurdag 26. mai kl 12-16 vil foreninga arrangere «Open dag» på krisgsminnesamlinga i Eidet gamle skule. Da blir det omvisning og salg av grillmat og kaffe. Alle er velkomne!
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest siste veka ved grendahuset Sagatun i Øvre Surnadal. Dei fleste la turen til skogsvegen opp frå Utigard Skjermo, medan andre gjekk til Mo kyrkje.
Les heile saka
Seriekampen mellom Todalen/Søya og Halsa/Valsøyfjord vart ein kald fornøyelse i knappe 5 varmegrader og kald vind på Bordholmen fredag kveld. I ein elles jamn kamp vart Halsa/Valsøyfjord litt for drøy kost for Todalen/Søyas A-lag, der sluttresultatet vart 0-2 . Etter ein mållaus førsteomgang, tok Halsa leiinga litt ut i andreomgangen, og la på til 0-2 på […]
Les heile saka
I kveld møter Søya/Todalen sitt A-lag Halsa/Valsøyfjord til lokaloppgjør på Bordholmen stadion Det er nokre år sidan sist det har vore spela A-lagsfotball her no, så dette er ein kamp det kan væra verd å få med seg.
Les heile saka
Onsdag 9. mai kl 19.00 inviterer Surnadal demensforening og helselag til ope møte om demens på kantina på Surnadal vidaregåande skule, fortel ledar Liv Botten til Todalen.no. Da kjem skodespelaren Monna Tandberg på besøk for å ha ein samtale med møtelyden om det å leve saman med ein person som har fått diagnosen demmens. Bakgrunnen for det er at sambuaren hennar Lars Andreas Larsen har fått Alzheimer, og ho vel gjerne dele av erfaringane ho har gjort.
Les heile saka
Det er Verdas helseorganisasjon som kvart år tek initiativet til Verdas aktivitetsdag som arrangerast over heile verda den 10. mai. I Surnadal er det Stavganggruppa i Surnadal pensjonistforening som sparkar i gang arrangement i samarbeid med Surnadal demensforening og helselag og Norsk Vandrefestival. Under mottoet ”Alle skal ut på tur, uansett alder og form. Alle har ei rolle og alle skal med” inviterer dei alle sine medlemar og andre til Svinviks arboret torsdag 10. mai, der programmet startar kl 13.00.
Les heile saka
Karin Helen Halle har vidaresendt oss ein epost frå Torstein Grønningen i HAMOS til Surnadal kommune angåande litt kluss i tømminga denne veka. Som dei fleste fekk med seg kom ikkje søppelbilen som annonsert i aktivitetskalenderen i går. Dette fordi det er nokre innklemte rauddagar som lagar litt krøll.
Grønningen skriv: Her kommer litt informasjon om feil i tilsendte tømmekalendere for Surnadal. Dette gjelder dersom noen ringer og har spørsmål. Vi beklager feilen som har oppstått.
Les heile saka
Også i aldersbestemte klassar har fotballsesongen med seriespel starta. I går kveld hadde både G12 og J12 kamp på Søyabanen. J12 Søya/Todalen møtet Kvass/Ulvungen på gras, medan G12 Søya/ møtte Straumsnes på kunstgras. Jentene vann heile 8-1, medan gutane også berga sigeren med 13-5 slik ca. Samtidig hadde G10 og J10 trening på grasbanen. Med andre ord full rulle for dei fleste som driv med fotball no utover. For å halda styr på alle desse laga, treningane og kampane, har Søya IL sin banekalender vorte eit kjærkomment verktøy for å handtere dette. Her finn ein oversikt over alt som foregår på Todalen og Søya sine samarbeidslag frå knøtt til seniorfotball, fordelt på dei ulike stadionane. Den finn du naturleg vis også her på todalen.no oppe til høgre.
Les heile saka