I så fall har Kombi Regnskap ledig jobb for ein habil regnskapsfører snarest. Kombi Regnskap holder til i Fokusbygget sentralt på Skei, og er du interessert kan du ta kontakt med daglig leder Kari Stensby. Fullstendig utlysing kan du laste ned som PDF-dokument her, og her finner du hjemmesiden til Kombi Regnskap.
Dette månaden kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av måndens bilete, «Ved Drivvatnet». Berre 8 stemmer skilte dei tre mest populære bileta, i tillegg til vinnarbiletet Humlebille på blåknapp og Husrom.
Les heile saka
Ståle Ansnes fekk fornya tilliten som ledar i Todalen Bondelag, da laget hadde årsmøte måndag 15. oktober. Etter årsmøtet er det to nye medlemar som tek plass i styret, da Siv Halle vart ny skrivar og Frode Grønmyr blir ny styremedlem, og det kan vel seiast å være eit ungdommeleg styre. Todalen Bondelag eit eit av dei få lokallaga som har overlevd som lite lokallag med sine 36 medlemar. Av disse deltok 14 på årsmøtet, fortel Ståle Ansnes som altså fortsett som ledar i laget.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening arrangerte i går sin årlege basar. Her var det stort oppmøte av bygdafolket, noko som resulterte i nesten 39 000 innkomne kroner. Sanitetsforeninga hadde heile tre ulike basarbord; der det eine med nesten 60 gevinstar var ei forlenging av hovudlista, medan «Dagen bord» og «Barnebordet» kun vart solgt under sjølve basaren
Les heile saka
Den korte vegstumpen som ingen ville eige har omsider fått sin eigar. Statenss Vegvesen er den formelle eigar, og måndag starta dei jobbe med å ruste opp denne vegstumpen som går grå Nerbu og ut til Nesset. Eit falleferdig naust, som nerast hadde bikka bortpå vegen, måtte i dag vike plass for vegutbetringa. Det er Veidekke som har jobben med vegutbetringa, og dei sørga også for å rive det gamle naustet med gravemaskina.
Les heile saka
Det er Byggmakker Surnadal som torsdag kveld (18.10) kl 19 inviterer til «damenes aften» i butikken. Dei har litt av kvert å by på denne kvelden, der mellom anna presentasjon av årets fargetrendar og nyheiter frå malingleverandøren Jotun står på programmet. I tillegg byr dei på beatboksing, presentasjon av maleteknikkar og presentasjon av det nye Hageland hagesenter som kjem til våren.
Les heile saka
Stangvik og Todalen arrangerer viktige kyrkjekveldar denne veka. Tysdag 16. oktober er det kveldsmesse og soknemøte i Stangvik kyrkje – onsdag 17. like eins i Todalen. Sokneråda i begge desse kyrkjelydane har no vedteke si «Lokale grunnordning for hovudgudstenesta». Denne blir presentert som tilnærma ekte gudsteneste i kvar si kyrkje desse kveldane. Rett etter messa er det enkel servering og soknemøte der den nye gudstenesta blir drøfta og vurdert. Fråsegn frå desse soknemøta kan om ønskeleg sendast biskopen – som endeleg skal godkjenne ordninga.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag var torsdag 11. oktober på tur til Søyset og Mulneset. Søyset har ei stor stor stuebygning, ikkje rart sidan garden i 1814 vart lagt ut til embetsgard til futen, og da kom det godt med at Søyset er ein stor skogsgard.Etter at vi hadde passert gjennom tunet på Søyset, gjekk vi eit stykke langs ein skogsbilveg, som etter kvart gjekk over til traktorveg og til slutt ein idyllisk sti dei siste metrane ut til Mulneset.
Les heile saka
Då var vi godt i gang med hausten, og fleire av bileta vi har fått inn i september vis at vi går mot ei kaldare årstid. Til tross for dette er det tydeleg at det er mogleg å fange mange fine motiv også no sjølv om sola ikkje er oppe like lenge. Vi skal no kåre vinnar av månadens bilete for september.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening arrangerer basar i Sanitetshuset søndag frå kl 14, med trekning kl 17. Det er og høve til førehandskjøp av lodd på Matkroken L. Hals i dag, laurdag. Elinor og markus skal selje lodd utover dagen i dag, og dei fortel at det er eit stort antall gjevinstar av mange slag på basaren søndag. Der får du og sjå og kan kjøpe lodd på biletet som Saniteten har fått frå Ingun Redalen White. Det skal trekkjast i samband med eit anna arrangement i desember.
I helga er det mykje som skjer på Kulturhuset. Laurdag kveld er det Gabrielle m/band som gjestar Storstua med konsert. Det er framleis ledig billettar, så her er det berre å hive seg på. Konserten startar laurdag kl 20, og her kan du kjøpe billettar. Søndag kl 20 er det «Tilbake til sangen – En hyllest til Erik Bye» som står på programmet.
Les heile saka
Kall det kva du vil, men Dan Roger Pedersen og Knut Jarle Bergli drar førstkommende mandag i gang med nok en sesong av herretrimmen. De oppfordrer alle interesserte til å møte i gymsalen ved Todalen oppvekstsenter til fart , moro og litt alvor kl 20. Her blir det ballspill av ymse slag etter som det passer seg med oppmøte.