Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Revyøving for fullt denne veka

Revyøving for fullt denne veka

Jon Olav Ørsal Sundag 23. desember 2012

Revygjengen er denne veka i full gang med øvingane i Ungdomshuset. Da Todalen.no var innom ein snartur måndag kveld var det full aktivitet, men det var ein optimistisk gjeng som tykte dei hadde bra kontroll på framdrifta. Det er Nils Ove Bruset som er revysjef, og han fortel at dei ligg godt an med arbeidet med revyen som har fått namnet «Vassækte jul». Han fortel at årets aktørar er ei god blanding av gamle og nye krefter. Han setter stor pris på at dei har fått fleire nye og yngre krefter blant årets aktørar, og seier at det er ein triveleg og lystigrevystab som no er komne så langt at dei driv og finpussar kjøreplana.

Nils Ove held enno korta tett til brystet når det gjeld programmet, men han fortel at det blir ein god del song og musikk med aktuelle og eigenproduserte tekster. I kjølvatnet av eit stort 100-årsjubileum er det og naturleg å tru at det vil bli eit sentralt tema for revyprogrammet. I tillegg vidareføres tradisjonen med gjesteartist, og i år er det Johnse Settem som skal være med og kaste glans over julerevyen.

I år er julerevyen attende på scena etter fleire år med ein slags serveringsteater med ei lita kabaretscene. Det betyr ikkje at det er slutt på serveringa, men med nyinvestert lydanlegg og nytt AV-utstyr til disposisjon er det naturleg å flytte attende på hovudscena, seier Bruset. Frå scena blir revyprogrammet kjørt i to akter, med ein liten pause i mellom. Han fortel også at det blir to framsyningar, der den første går på ettermiddagen og blir nok nærast ein generalprøve. Den første framsyninga høver god for dei som ikkje vil delta på kveldsarrangementet, der det etter framsyninga blir dans med ”Gøy på landet».

Billettsalet er alt kome i gang på Halsbua, og i tillegg blir det muleg å kjøpe billettar ved inngangen i Ungdomshuset 3. juledag, dersom det er billettar att, seier Bruset til slutt.

Nokre bildeglimt frå revyøvinga måndag kveld.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 23. desember 2012, 23:00 - Sist oppdatert: 26. desember 2012, 13:08