Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skulens juleavslutning vel overstått

Skulens juleavslutning vel overstått

Elinor Bolme Onsdag 19. desember 2012

I går var foreldre og søsken til dei rundt 75 elevane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter samla på skulen for å bli underheldt i ein stor time. Her vart vi høgtidleg ønska velkomne av konferansierane Emma Sæther og Torstein Snekvik. Dei losa oss gjenom programet på ein underhaldande  og trygg måte.

Alle klassetrinna hadde kvar sine underhaldningsbidrag, der det enten gjekk i songar eller dramatiseringar. Nokon med begge deler. Og dei yngste var som alltid uredde på scena og gav «alt». Og som vanleg hadde dei lært seg alle tekster utanatt.

Etter programmet vart det kaffeservering. Men sidan det er litt meir folk knytta til oppvekstsenteret dette året, var det oppdekt til gjestane på dei ulike klasseromma. Slik vart det at foreldre og elevar fekk vera i lag klassevis.

Etter kaffepausen samlast alle saman i gymsalen for gong rundt juletreet, før nissane dukka opp med pakkar til ungane.

Under er nokre bilder frå ein vellykka kveld for både elevar, lærarar og publikum. Alle foto ElinorB

Først publisert: 19. desember 2012, 23:55 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:51