Julaften er butikken open i tidsrommet 09.00 – 13.00. Vidare utover jula er det kortare opningstid enn vanleg og enkelte dagar er det kioskope. Nedafor har vi sett opp ei oversikt over opningstidene utover jula, til og med 1. nyttårsdag. Frå 2. nyttårsdag er det igjen vanleg opningstid fra 09.00 – 18.00. Du kan sjølvsagt nytte kortautomaten på drivstoffpumpene heile jula og døgnet rundt!
Les heile saka
Det er eit ordtak som seier at «Morgen røde gir dage bløde, kveldsrøde gir morgen søde». I dag tidleg (rundt 9-tida) var det ein fantastisk fin austhimmel. Den kom fort og forsvant fort. Men eit telefontips frå Gudmund Kvendset (Sandstad) om kva som var i emning, gjorde at kamera vart gjort klart, og resultatet ser du ovafor.
Les heile saka
3. juledag er det kalrt for årets romjulsmarsj. Som tidlegare er det du starte heimefrå på runden rundt byga, da det er registrering på Bruset og på Sandstad. Det er høve til å starte i tidsrommet mellom kl 12 og 15, og du rekk altså å bli med på 1. framsyninga av revyen «Vassækte jul» kl 15 om du startar litt tidleg.
Les heile saka
Barnehagen var onsdag på sin vanlege utflukt. Denne dagen la dei turen innom Auststua og paviljongen der, for det hadde vore ymta frampå at nissen kanskje dukka opp. Og i følge bilda sendt til oss frå Åshild Halle så stemmer dette. Under er nokre bilder frå turen.
Les heile saka
Pakkhuset Kro held ope i jula. Det blir open pub 3 kveldar denne jula, og den første kvelden er alt laurdag 22. desember, da det er ope frå kl 21.00 og utover kvelden. Det er også open pub 2. juledag (26. desember) og 5. juledag, da også frå kl 21.00 og utover. Pakkhuset Kro finn du på den gamle dampskipskaia på Todaløra, og det er Erling halle og Synnøve Helland som er drivarar.
I samband med at det er 100 år sidan Thorbjørn Egner vart fødd, har vi i Todalen barnehage lært om Thorbjørn Egner no i haust. Spesielt har vi fordjupa oss i ”Folk og Røvere i Kardemomme By”. Vi har laga byen, lese boka og vorte kjent med personane som bor der.
Les heile saka
I går var foreldre og søsken til dei rundt 75 elevane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter samla på skulen for å bli underheldt i ein stor time. Her vart vi høgtidleg ønska velkomne av konferansierane Emma Sæther og Torstein Snekvik. Dei losa oss gjenom programet på ein underhaldande og trygg måte.
Les heile saka
Vinnar av månadens bilete for november blei Kristian Gjeldes med biletet Fiskaren, som stakk av med omtrent halvparten av stemmene som kom inn. Vi treng bilete utover vinteren, så vi oppfordrar derfor å sende inn bilete til oss.
Les heile saka
Då er nok eit blogginnlegg klart for publisering. Denne gongen med ein mengde bilder som gjenspeiler bloggarens aktive kvardag, mest utomhus ser det ut til. Ein kvardag som kan ta pusten av dei mest alminnelege av oss kanskje?
Les heile saka
Du måtte vera standhaftig dersom julesteminga ikkje skulle siga innpå deg da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte oss til å være med og synge jula inn. Det var eit stort femtital med tilhøyrarar i kyrkja denne førjulssøndagen, men det kunne godt vært fleire. For dette var korsong og musikk av beste slag, og ros til primus motor Bernt Bøe som har trkt i trådane og fått til desse konsertane. For etter konserten i Todalen reiste dei til Åsskard kyrkje for å kjøre same programmet der. I tillegg var det konsert med litt anna program og litt anna mannskap i Stangvik kyrkje i går kveld med «Tonar julenatt».
Les heile saka
Måndag 17. desember vil forfattaren og historikaren, Kjell Håve, vere på Hals-bua for å signere boka han har skrive om bonden, stortingsrepresentanten og forfattaren, Jon Leirfall. Biografien, eller skal ein seie historieboka, «Heller storm enn stille», er boka kong Harald siterte frå under slottsmiddagen for stortinget no i haust. Det blir og sagt at kongen har lese to bøker no i haust, det skal vere boka om Sonja og boka til Kjell Håve.
Les heile saka
Vil du gjera litt stas på småfuglane, så kan du ta turen til Matkroken L. Hals i dag. Utenfor butikken sit nemleg Emma og marit Ingeborg i den kalde vinden og selger julenek for Start 4H. Eit julenek kostar kr 100, og inneheld mykje god fuglemat. Dersom du ikkje har høve til å ta turen til butikken, så kan du bestille på telefon hos Jon Olav Roaldset. Han treffer du på tlf 915 17 168.