Vi er klare med tredje vinneren av adventsquizen. Og med fasiten som sikkert mange venter på.
Les heile saka
Vi er klare med tredje vinneren av adventsquizen. Og med fasiten som sikkert mange venter på.
Les heile sakaI august reiste Jan Vidar Øyen til Canada for å fortsette studiene der. Han bur i byen Kamloops, der han er utruleg nær naturen og trivs godt med det. No har han sendt oss eit reisebrev, der han fortel litt om livet i Kamloops i deltaten british Colombia i Canada og han har sendt med nokre bilde som vi legg ut i galleriet nedafor reisebrevet.
Les heile sakaLaurdag ettermiddag var det tid for førjulskafè i Todalen ungdomshus. Det var Start 4H, FAU, PT-utvalet, idrettslaget, bondelaget og saniteten som hadde invitert sambygdingane til felles arrangement. Dei var spente på om folk hadde tid til eit lite avbrekk midt i julestrida, men det trong dei ikkje bekymre seg for.
Les heile sakaDet har blitt tredje søndag i advent, og det er klart for tredje porsjon av Todalen.no sin adventsquiz. Klarer du desse nøttene, er du med i trekninga av ein overraskelsespremie. Kanskje kan du finne nokre av svara her på Todalen.no, om du ikkje kan alt?
Les heile sakaLaurdag var det internasjonal julekafè i Todalen ungdomshus, der lag og organisasjonar inviterte både innfødte og innflytta sambygdinga til triveleg lag og sosialt samvær. Todalen idrettslag var ein av organisasjonane som stod attafor tiltaket, og dei nytta høvet til å dele ut utmerkingar til spreke medlemar som har oppnådd krava til merkeprøve. Sjølv om det var mange om det var utdelt fleire ytmerkingar som heng høgt kom nok Johan Kvendset i ein eigen divisjon.
Les heile sakaFørstkommande laurdag inviterer fleire lag og organisasjonar i bygda til triveleg adventskaffe. Fleire har sikker registrert at ein har fått invitasjon i posten sist veke. Her er det 4H, FAU, PT-utvalget, Idrettslaget, Bondelaget og Saniteten som har gått i lag for å arrangere ei triveleg førjulsstund i Todalen Ungdomshus.
Les heile sakaI Bruset marka bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning. Fredag kveld kom julegrana på plass i Trudvangkrysset, og sjølvsagt var det festivitas og stas med lystenninga. Og med julegrantenninga høyrer det med litt festivitas med gløgg, clementiner og varme pølser, og sjølvsagt høyrer litt julemusikk med.
Les heile sakaSki-og friidrettsgruppa benytter laurdagens førjulskaffe i Todalen Ungdomshus til å dele ut premiar innan skimerketaking for 2014. Åshild Halle som er merkeansvarleg i idrettslaget seier ho ser fram til utdelinga, da dei denne gongen skal få lov til å dele ut fleire gjeve utmerkelsar til aktive skientusiastar i bygda.
Les heile sakaOgså vinteren 2015 står Todalen IL som arrangør av Norges Cuprenn i randoné. Todalen IL har fått to renn 14. og 15. februar, lagt til Kårvatn. Den 14. er det Randone Individuell, med samme opplegg som tidlegare år, mens det den 15. er det Sprint, som er nytt for arrangørane.
Les heile sakaTida går fort mot jul, og onsdag 17. desember kl 18.00 inviterer skulen og barnehagen til juleavslutning i gymsalen på Todalen skule. Der blir det litt av kvart å sjå og høyre, der borna vil underhalde og sjølvsagt litt traktering. Det er nok visse forventningar til at nissen dukkar opp også, ettersom vi forstår!
Les heile sakaNok ein gong har vi eit gamalt bilde frå fotoarkivet til Todalen Historielag. Her er det Johan K. Ørsal som deltek ved sau-utstilling på Ålvundeidet i 1957. Vi dreg kjensel på nokre bak utgarden: Randi Ramsøy, Ane Talgø (Valset), Inge Ramsøy, Magne Heggset og Kristen J. Ørsal.
Les heile sakaAndre runde med adventsquiz er ferdig, og vinneren er trukket.
Les heile saka