Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Todalen til Vesterålen.

Mari B. Redalen Laurdag 18. april 2015

Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?

Namnet mitt er Brit Grønmyr, eg er frå Steinarstua på Halla og utgjer halve 1977-årgangen frå Todalen. Eg flytta heimanfrå for å gå på folkehøgskule i Alta og etter ein studering, farting og flytting rundt ikring i innland og utland er eg for tida å finne på Hennes i Vesterålen med utsikt over Hadselfjorden til Lofotfjell og Raftsundbrua. Her er eg nasjonalparkforvaltar for norges nest minste nasjonalpark, Møysalen, og to landskapevernområde, Møysalen og Svellingsflaket..

Kajakk i Solnedgang på Hadselfjorden. Austvågøya til venstre og Hadseløya til høgre

Kajakk i Solnedgang på Hadselfjorden. Austvågøya til venstre og Hadseløya til høgre. Foto: Brit Grønmyr

Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg!

Ein vanleg kontordag byrjar med ein halvlang morgontur med bikkja med kakskiva i handa før eg syklar ein liten kilometer bort på moloen der kontoret mitt er, loggar meg på verdsveven og sakssystemet ti Fylkesmannen og startar på dagens dont. Når arbeidsdagen er over skal bikkja ha sørvis igjen, og det blir ein lengre eller kortare tur alt etter forma på folk og dyr og om står noko anna på timeplana på kvedstid. Men det er også ein del dagar utanfor kontoret i denne bissnissen, og  med samlingar av ulikt slag, politiske møte og andre møter og befaringar, og desse kan sjeldan klassifiserast som vanlege..

Moloen på Hennes til høgre, Lofoten til venstre og Island rett fram.paint

Moloen på Hennes til høgre, Lofoten til venstre og Island rett fram. Foto: Brit Grønmyr

 

Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?

Er ikkje så ofte heime no som eg bor såpass langt heimanfrå, men har vore heime i jula og i påska, og blir å sjå seinast i juli slik det ser ut no.

Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer på besøk til bygda for første gang?

Dei som er med inn i Todalen blir som oftast innkvartert i Steinarstua, så det blir det første dei får sjå, og visst det passar blir det på eit eller anna tidspunkt fyrt opp i steinomnen i eldhuset og laga pizza. Dei fleste eg har med heim er dessutan lokka dit med løfter om setertur, så kursen blir vanlegvis sett i retning Romådalen og Inner Setrin. Ein tur til Kårvatn og Kårvatn Fjellutstyr høyrer også med.

Årets påske på Inner Setrin i Romådala

Årets påske på Inner Setrin i Romådala. Foto: Brit Grønmyr

Kommer du til å flytte til Todalen igjen?

Fuglane veit.

Er det noe spesielt du ikke klarer deg uten?

Lett tilgang på fjell og natur.

Hvordan holder dialekten din seg som utflytta todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig dialektmisforståelse?

Likar å tru at den held seg godt, men ser at dei har ein del artige uttrykk her i nord som snik seg inn i daglegtalen utan at eg gjer så mykje motstand. Har dessutan bytt ut ein del ord i dialekta mi til fordel for lettare forståelege ord. Så det er alltid arti å kome heim og gjenoppdage ord som ein ikkje har bruka ei stund og halvvegs har gløymt.

Vintervêr over Raftsundet

Vintervêr over Raftsundet. Foto Brit Grønmyr

Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå?
Noen store savn?

Det er jo noko spesielt med den bygda ein har vakse opp i utan at ein heilt kan sette fingeren på kva det er. Men det eg saknar akkurat no på våren som nordlending er dei lange, lune skogaliene med hjellar, storsteinur, skeive toller og haltkjerr.

Hvor ofte er du innom Todalen.no?

Kvar einaste dag.

 

Todalen.no utfordrar Anne Helene Tørset for Mai sitt blogginnlegg.

 

Publisert: 18. april 2015, 12:19