Er du nyinnflytta til Surnadal kommune, så er det kanskje lurt å bli med på treff for nyinnflytta på Surnadal folkebibliotek på kulturhuset. Det skjer torsdag 12. februar, og da vil Øystein Hjelle Bondhus fortelje om kva aktivitetar Surnadal Idrettslag og andre idrettslag i kommunen driv med.
Les heile saka
I dag skriv vi 10. februar, og ein skulle tru at det på denne tida var full vinter og godt med snø. Men slik er det ikkje – det er bar mark, med berre litt som ligg att på åker og eng. Jon Bruset har sendt oss 4 bilder, der motivet er Todalen – frå Storhaugen og nedover bygda. Alle bileta er tekne den 10. februar i tidsrommet 2010 – 2015. Han manglar 2012 og 2013, men da var det kanskje ikkje fotovêr av ein eller anna grunn.
Les heile saka
Fastelavn nærmar seg no med stormskritt, men det er sanitetskvinnene godt forebudd på. Søndag trossa dei regnvêret og dro til skogs for å finne bjørkeris, og måndag var ein gjeng samla i Sanitetshuset for å lage bukettar – pynta med fargerike fjær og NKS-logo. Fredag og laurdag er dei på plass på Matkroken for å selge fastelavnbukettar for ein 50-lapp.
Les heile saka
Vi har komme over til ein my månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2015. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke.
Les heile saka
I morgon er du invitert til søndagstur i Halsa, eller nærare bestemt til bålkos ved Kaldbergvatnet. Opplegget er parkering ved Bårdset og fottur opp til Kaldsbegsvatnet – ein lett og fin familietur på ca 2 km etter skogsveg, – og ein tur som alle kan delta på.
Les heile saka
Kl 11.30 datt telenornettet i Todalen ut ein snartur. Ser at det i skrivande stund er litt «av og på», men det kraftige uveret som herjar ute kan kanskje spele inn på det. Skulle nokon ha meir info er det berre å sende oss ein epost eller ei melding via Facebook så vi kan oppdatere.
Les heile saka
Kvar veke frå no legg vi ut to bilete av hus frå Todalen. Dette er eit sammarbeid med Todalen historielag, som har kalla serien STORRUNDT. Første runde startar utmed arboretet, eller Gjengsto, som plassen heiter. Dette er det første huset som vart satt opp i Gjenstøa, som senere vart flytta ut til Nordvik som no er Nordly.
Les heile saka
Fredag var det mykje feiring i Todalen oppvekstsenter. For det første var det samefolkets dag – samenes nasjonaldag – det vart markert både med film og song i amfiet i gangen. Her var alle – både skuleelevane og barnehageborna – samla for å markere dagen. I tillegg feira dei at sola kom att til skulen […]
Les heile saka
Torsdag kveld var redaksjonen på på skikkeleg utror for ein gongs skuld. Turen gikk på speilhålka til Budal like ved Støren, og hovudærendet var å besøkje budal.net som jobber med å etablere, eller rettar sagt revitalisere nettsida dei har i dag. Dit var vi invitert for å fortelje om Todalen.no, og korleis vi jobba for å halde nettsida aktuell «kvar einaste dag» som er vårt slagord.
Les heile saka
Då er stemmene talt opp, og vinnaren av årets bilete 2014 på Todalen.no vart Frode Grønmyr med biletet «Slåttonn» som vann månadens bilete i juni. Vi gratulerer, og håpar å kunne overrekkje premien på årsmøtet.
Les heile saka
Februar og mars er årsmøtetid, og Todalen Idrettslag varslar i dag om sitt årsmøte som blir torsdag 12. mars kl 19.00 i Todalen ungdomshus. Fullstendig sakliste er ikkje klar enno, men blir kunngjort seinast 5. mars, melder styret. Les meir om fristar for innkomne saker og oppseiing av tillitsverv nedafor.
Les heile saka
Et 20 talls personer møtte fram da Stangvik Historielag avviklet sitt årsmøte på Stangvik Oppvekstsenter onsdag 4. februar. Leder Einar Grønnes ønsket velkommen, og årsmelding og regnskap ble godkjent uten anmerkninger. Valget gjekk også greit unna, og det ble gjenvalg av hele styret.
Les heile saka