Give me 5 er vårens vakraste eventyr, sa Torill Helgetun, da ho ønska velkomen til konsert i Surnadal kulturhus torsdag kveld. Det har iallfall vorte tradisjon å arrangere Give me 5 for 5.-klassingane i Surnadal kommune. Det er i år 7. gong, og årets gjesteartist om ein skal kalle det, var Bjarne Brøndbo som er frontfigur […]
Les heile saka
Komande laurdag kjem Honningsvågrevyen på besøk til Surnadal kulturhus. Dei har med seg ei blanding av gamle glansnummer og mykje nytt, med innslag av humor og galskap. Honningsvågrevyen har vorte eit fenomen og den nordnorske humoren har fått publikum frå heile landet til like den nordnorske humoren, og vi må rekne med at det blir mykje latter denne kvelden.
Les heile saka
På ein knapp halvtime var årsmøtet i Todalen historielag gjort unna. Årsmelding og rekneskap gikk greit og ryddig unna og det var få spørsmål knytta til oppsummeringa av 2014. Men sjølv om årsmøtet er fort unnagjort, så har laget stor oppslutning i Todalen – «heile bygda» er med og laget kan skilte med heil 167 […]
Les heile saka
Det er no klart at Todalen I.L. kjem til å fortsette samarabeidet med Kvass/Ulvungen og I.L. Søya for komande fotballsesong. Avtalen om samarbeid er underteikna og det betyr ei felles satsing for følgjande lag: J12, J14, G14, J16, G16 og A-lag. Vidare blir det felles satsing for Todalen I.L. og Søya for G10, G12 og J12, medan Todalen I.L. stiller eige «superlag» for knøtter.
Les heile saka
Tysdag kveld var det tid for årsmøte i Todalen.no – og tid for å heidre Frode Grønmyr som vinnar av konkurransen «Dagens bilete» som altså vart til årets bilete for 2014. Det blir først konkurrert om månadens bilete – med konkurranse kvar dag og premiereing for månadens bilete – dei tolv finalistane går så vidare til konkurransen om årets bilete. Det er andre gongen at Frode går heilt til topps i konkurransen om årets bilete – han vann nemleg konkurransen i 2012 også.
Les heile saka
Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete!
Les heile saka
Komande torsdag, 12. mars, er biblioteksets filial i Todalen stengt. Neste veke er det imidlertid vanleg opningstid mellom 18 og 20, melder Karen Johanne
Måndag kveld var alvor på Vangen, da kampen FA-cupkampen mellom Manchester United og Arsenal gikk av stabelen på Old Trafford. Det var 74.285 tilskuarar på Old trafford og 8 på vangen, inkludert vår utsendte. Det var 3 Manchester United- og 3 Arsenal-supportere «på banen, samt Siri P. og underteikna i sivilt antrekk. Høgdepunktet var nok dei tre scoringane, samt servering av ein utsøkt pizza.
Les heile saka
John Moe har sendt oss nokre bilder av skader som hjorten har påført skogen i Øyalia i vinter. Bilda viser skader på fleire treslag, både gran, furu og lautre, og det er tydelig at hjorten har brukt tennene til arbeidsredskap.
Les heile saka
Frå tid til anna kjem det forslag om omklassifisering av vegar. Denne gongen er det eit forslag frå Surnadal kommune om omklassiffisering av heile 19 vegar rundt omkring i kommunen. Første steget i denne prosessen er behandling i hovudutvalg for teknikk, miljø og næring, som skal tilrå kriteria for dette arbeidet. Deretter blir det utarbeidd eit forslag, som så skal ut til offentleg ettersyn før kommunestyret gjer det endelege vedtak.
Les heile saka
I morgon inviterer Surnadal kommune og ordføraren til folkemøte angåande kommunereformen. på Todalen Oppvekstsenter.
Les heile saka
Onsdag kveld (11. mars) inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. Møtet startar kl 19.30. I tillegg til vanlege årsmøtesaker byr dei på «lokalhistorisk quiz» og sjølvsagt traktering – som er skikkeleg kveldsmat.
Les heile saka