Det er behov for fleire dommarar til sesongen starta. Det planlegges no eit dommarkurs i regi av I.L. Søya. Har du lyst til å «bli med på laget» så er det berre å melde din interesse hos leiar i fotballgruppa i T.I.L., Knut Bergli. Send SMS eller ring Knut på tlf 905 91 555.
Les heile saka
Det var til tider lang kø under sildballdagen i ungdomshuset laurdag. Det var Todalen I.L. som inviterte, og jammen var det respons på den invitasjonen. Kjøkkengjengen starta alt fredag kveld med førebuingane og storstila potetskrelling og laurdag hadde dei alt klart til gjestane kom i 15-tida. Dei var litt usikker på det endelege gjestetalet, men dei konkuderte med at minst 70-80 hadde vore innom for å kjøpe ball.
Les heile saka
Vi er klare med nytt blogginnlegg, denne gangen fra en nasjonalparkforvalter i Hennes i Vesterålen.
Les heile saka
Eitt av bilda frå Todalen historielag sin runde i Øyagrenda viser 17.maitoget på veg opp Ungdomstubrekka i 1949. Reidun Østvik har sendt oss litt utfyllande informasjon om dette bildet frå 1949. Ho skriv: De 5 første var årets konfirmanter: Leif Hoelsæter (Gammelskolen), Annbjørg Jørgensen (Lykkja), Ola Ansnes, Lisbet (Ørsal) Ranes, Reidun (Talgø) Østvik og Leif Søyset. Mary Krangnes kan jeg ikke se. Hun var den sjette, men begynte på skolen året etter oss.
Les heile saka
Måndag 27.april kl. 18.00 blir det vårdugnad på kyrkjegarden, melder Todalen sokneråd. Det er mange ulike oppgåver og det trengs folk med rive, trillebår, spett og spade! Ta med høveleg hagereiskap. Det er behov for å rette opp skeive gravstøtter, samt rydding etter vinteren.
Les heile saka
Sokneråda i Halsa, Surnadal og Rindal inviterer alle born frå 7-14 år til sommarleirar på Gråhaugen fjellstue, som er ei privateid turistforeningshytte. Den ligg idyllisk til i Folldalen, der det ligg godt til rette for friluftsliv og anna aktivitetar.
Les heile saka
Todalen brannvesen sin 83-modell Dodge vart i forrige veke lagt ut for salg av Surnadal kommune etter at det kom ny brannbil til Todalen. I annonsen som ligg ute på finn.no vart prisen sett til høgstbydande over 2000,-. Etter ein del interesse for dette klenodiet, vart det 14. april vedteke at salget skulle avgjerast med ein ÅPEN budrunde med frist 1.5.15. Prisen så langt er no kome opp i 50 000,-
Les heile saka
Snart er det klart for årets happening for dei som skal konfirmerast, sjølve konfirmasjonsdagen. Konfirmantane har jamnleg hatt undervisning i samband med den kommande seremonien, og er no inne i aller siste fase. Så når det er gudsteneste i Åsskard kyrkje førstkommande søndag kveld, er det med unge aktørar i teneste. Her vil konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard utføre både liturgi og musikk.
Les heile saka
Fredag pågår det vasking av Svinvikstunellen – med tilhørande raud blink i varselanlegget – og varsel om stengt tunell. Folk saknar imidlertid informasjon om dei skal vente for å bli slept gjennom puljevis, eller alternativ løysing å kjøre gammelvegen. Alternativet med gammelvegen er nok velkjent for lokalkjente, men tilreisande vi har fått melding frå har ikkje kjent dette alternativet. Kanskje det hadde gjort seg med betre skilting?
Nok ei veke er passert, og vi fortsett med Todalen historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er vi komne til Øyagrenda, og vi har fått tilsendt heile 12 bilder frå historielaget sitt arkiv. Utfyllande informasjon får du om du går inn på kvart enkelt bilde i galleriet.
Les heile saka
I går kveld var det lokale brannmannskapet i Todalen ute på øvelse. Det var hverken røyk eller ild inne i bildet, men spyling og kontrollering av slanger og øvrig utstyr. I løpet av eit år har brannmannskapet rundt 6 øvelsar, pluss førstehjelspsøvelsar i tillegg. Nokre gonger i lag med brannmannskapet i Surnadal og på Kvanne, andre gongar åleine, som her.
Les heile saka
Laurdag 18 april blir det balldag med ekte sildball i ungdomshuset, fortel John Moe, som er initiativtakar til arrangementet. Med Åse Redalen som sjefskokke vil gjengen på kjøkkenet servere ekte sildball etter gamle oppskrift og med «fullt» tilbehør. Det blir servering av sildball frå kl 15 og utover så langt det rekk, og «kokkelauget» satsar på at det skal bli […]
Les heile saka