Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal pensjonistlag med triveleg jubileumsfest

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. august 2015

Surnadal pensjonistlag samla troppane og feira 40-årsfest på Angråmyra onsdag.  Frå den spede start på 70-talet har pensjonistlaget festa grepet som representant for de eldre i kommunen, og er i dag ein aktiv og livkraftig 40-åring som altså kunne jubilere med god mat, kultur og litt heider. Todalen.no var sjølvsagt invitert, og var der og tok pulsen på jubilanten.JohsVaag_leiar_1806

Mangeårig leiar Johannes J. Vaag kunne ønskje godt over hundre gjestar velkomne til jubileumsfeiring, med eit hundretal medlemar og mange innbedne gjestar på plass i salen. Varaordførar Eivind Hasle representerte Surnadal kommune med ordførarkjeda som fungerande ordførar for høvet, medan fylkesleiar Jacob Strand representerte Pensjonistforbundet. Elles var det representantar frå pensjonistlaga i nabolaget – Rindal, Halsa, Valsøyfjorden og Straumsnes mellom gjestane.

Først på programmet stod presentasjon av det flotte jubileumsheftet som var lagt ut på borda til alle gjestane. Eit rikt illustrert hefte som inneheld historia til laget, med mange bilde frå aktivitetar i laget gjennom 40 år. Nestleiar Jorunn Ness overrekte fine blomsteroppsatsar til Sjur Fedje som har vore redaktør og hatt ansvaret for den grafiske utforminga, medan Vidar Sogge har bidrege med det meste av bildematerialet som er bruka. Vidare helsa Eivind Hasle som denne dagen var fungerande ordførar. Han humra godt da han kommenterte at Lilly Gunn hadde pålagt han å bruke ordførarkjeda, og gleda seg til å vise bilde av seansen til barnebarna. – han mente også at det var ganske uvanlig at ein SV-ordførar representerte Surnadal kommune. han hadde med seg gåvesjekk til jubilanten og takka for det gode samarbeidet som laget har med kommunale organ.

Så var turen komen til fylkesleiar Jacob Strand som held festtalen. Han helsa både frå Pensjonistforbundet og frå fylkeslaget. I talen sin påpeka han kor viktig det er med sosiale treffpunkt og rosa Surnadal pensjonistlag for sin store aktivitet, med spesiell hentyding til den aktive stavganggruppa som har arrangement kvar veke. Han understreka også kor viktig det er å være på banen i arbeidet med eldresaken, og som han sa så lærte han da han starta som fiskar som 15-åring at ein måtte rope høgt for å bli høyrt i motvinden. – Når ein jobba med eldresaken må ein drive på jamt og trutt og sjølv om det ikkje blir resultat med ein gong, så må ein jobbe til det blir resultat. Strand skrytte av Johs Vaag og resten av styret for det aktive arbeidet og alle innspela som er komne frå laget her.

I heile landet er det 110.000 medlemar i Pensjonistforbundet og det skulle da berre mangle om dei ikkje blir høyrt. Han fortalte korleis dei langsiktig jobbar mot det politiske systemet for å betre tilhøva for pensjonistane. Han var bekymra for den økonomiske situasjonen i kommunane og at tildelinga av frie midlar i alt for stor grad går til andre føremål. Han var også bekymra for sjukeheimsplassane og viste til at vi i dag manglar rundt 900 plassar her i fylket og 12.000 på landsbasis. – Desse krava vil vi aldri fire på sa han, samtidig som han kommenterte pensjonsoppgjøra som nok har vore best for staten etter den siste pensjonsreforma. Han runda av festtalen med å overrekkje ein gåvesjekk på kr 1500 frå Pensjonistforbundet og boka “Galleri Møre og Romsdal” frå fylkeslaget.

Etterpå var vi komne til kulturavdelinga – Konrad Nerland framførte ei fin tolking av Jacob Sande sitt liv og lagnad. Han starta med ein deklamasjon – og før middagen fortalte han om Jacob Sandes liv. Jacob Sande har ein spesiell stil, og han karrakteriserte Sande som Vestlandets svar på Prøysen. Sunnfjordingen levde eit litt hardt liv, men har skrevet mange flotte tekster som det er lett å bli glade i og lett å like. Etter middagen framførte Nerland med både dikt og inviterte til allsong med tekster frå Sandes verk. Jubileumsmenyen var det HammerStuene som hadde ansvaret for, og dei diska opp med røykt svinekam og heimlaga kjøtkaker til gjestane.

NerlandMaridal_1839

Konrad Nerland og Rolf Maridal bidro med Brandelius for publikum

Vidare fikk vi meir kultur – Rolf Maridal opptredde med solosong, og her var det Brandelius som stod på programmet. Maridal måtte improvisere litt og få med seg Konrad Nerland som akkompagnør i siste liten. – Dei hadde aldri opptredd saman før, men dei hadde prøvd å øve litt i telefonen kvelden før, – og som rutinerte ringrevar så gikk det veldig bra.

Etter ein runde med kaffe og blautkake var det tid for helsingar og takk frå innbedne gjestar. Først ute var Jacob Strand som måtte nå ferja for kome seg heim til Sunnmøre. Vidare var det helsingar frå andre i tur og orden – Edit Jørgensen frå Straumsnes, Kari Bjerknes frå Valsøyfjorden, Helen Marie Nergård frå Rindal, Jorunn Ness frå pensjonistgruppa i Fellesforbundet og Rolf Maridal frå Halsa. Maridal sette forresten døra på gløtt for å slå saman dei to foreiningane som er like gamle. Det må vi diskutere dersom vi blir i ein felles kommune etter kommunereforma. Til slutt takka leiar Johs Vaag for oppmøtet og runda av det heile med utdeling av roser for innsatsen til dei som har vore med gjort jubileet muleg.

Glimt frå jubileumsfesta til Surnadal pensjonistlag på Angråmyra.  Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Først publisert: 27. august 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 26. august 2015, 22:36