Årets første laks i Toåa er komen på land. Det skjedde på Ramsøyvaldet, og var ein fin villaks på vel 3 kg. Først ute var Thor Lerstang, som er veteran med 43 års fartstid i Toåa. Det er nemleg ikkje første gongen han står for sesongpremieren i Toåa. Lerstang bur på Todalshytta og vi fikk ein rask prat med han i peisestua, før han skulle fortsette fisket
Les heile saka
Dei tre forfattarane av Søyådalsboka Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes vil onsdag 17. juni ta seg ein tur til «kaffekroken» på Hals for bokpromotering. Forfattarane skal først til onsdagstreffet på kulturhuset denne dagen, og kjem inni Todalen straks etterpå, slik ca i 16-tida.
Les heile saka
Etter 4 dager kunne bokselger Daniel Ngugi nesten si seg ferdig med boksalget for Bokforlaget i Todalen. Siste stikkvei igjen søndag var utover Bekkerhagen, og Daniel kunne konstantere mange velvillige kunder. Både her og i resten av Todalen. Han kunne fortelle at det var 4. året han var i Norge for å selge bøker for Bokforlaget for å tjene til studier i hjemlandet Kenya.
Les heile saka
Natt til måndag, kl 00.00, startar laksefisket i Toåa. Ny sesong gir nye mulegheiter, og søndag kveld viser målestasjonen ved storfossen 14 m3/sek som er bra vassføring for laksefiske, melder Ola Bruset i Todalen elveeigarlag.
Les heile saka
Den største cup-bomba for spente todalsknøttar i dag var nok ikkje resultatet, men at veret var på lag, og huver og buffar kunne ligge att på sidelinja etter kvart. Den opplagte gjengen med forhåpningsfulle jenter og gutar fekk ein fin dag under Surnadal IL sin årlege SILregncup.
Les heile saka
Torsdag 11. juni møttest Stavganggruppa nedanfor Sjølèet og gjekk derifrå til Haltbakken. Vêret er ikkje det beste, grått og litt småregn, men det betrar seg utover dagen.
Les heile saka
Sjølv om været og værutsiktene var forholdsvis dårlege, hadde eit 50-tals personar møtt opp ved Jørristufjøset på Årnes for å vera med på turen. Før start samlast vi ved grendahuset, der vi song «Vandringsmenn synger», akkompagnert av Bernt Bøe og Nils Røv. Akkurat da var været «så nokon lunde», sola kika liketil fram. – Det er oppsett over 200 namneskilt i området, og enda skal det oppsettast om lag 100 skilt til før det er ferdig-merka. Og til sammen er det merka/rydda ca 3 mil med stigar/skogsvegar uti liene her.
Les heile saka
Dagens søndagstur går til Grønlivatnet i Rindal. Arrangementet er søndagstur med «litt vri», da det ikke er lagt opp til noen tur i tradisjonell forstand, men til aktiviteter og småturer rundt og ved badeplassen ved Grønlivatnet. Kort spasertur fra parkeringsplass med fylkesveg rett overfor
Les heile saka
Ræta Opp blir også i år arrangert under Todalsdagen. Dette for fjerde året på rad kan Ingvild Kårvatn fortelje. Løpet starter kl 12 lørdag 27.juni, mellom dei mange fotballkapene som blir på Bordholmen. Også i år blir det Knøtteløp, der dei aller minste deltar med ein runde rundt løpebanen, med ulike hinder å forsere.
Les heile saka
Fotballgruppa i Todalen IL er godt i gang med planlegging av Todalsdagen. Her blir det i år som alle tidlegare år full rulle på 5 banar for dei aller yngste fotballspelarane på knøttelag og G/J10-lag. Ledar i fotballgruppa Knut Bergli melder om passe god påmelding så langt, og av erfaring vet han at antall lag endrar seg innan påmeldingsfristen går ut den 19. juni.
Les heile saka
I dag har den lokale finalen av energikampen vore, der 12 lag skulle kjempe om sju plassar til konkurransen under laksefestivalen neste helg. Nærare bestemt laurdag 20. juni framfor kulturhuset mellom 10 og 12.
Les heile saka
Rododendronblomstringa er no på topp i Svinvika, melder avdelingsleiar Maia Frønes ved Svinviks arboret.
Ho anbefaler på det varmaste å stikke innom og ta seg ein rundtur i den fargesprakande hagen og ikkje minst avslutte med kaffe og kaker i kafèen.
Les heile saka