Direkte frå Ordførar Lilly Gunn Nyheim har vi motteke saka vedrørande endringane i helligdagslova om sønndagsopne butikkar. Denne saka vart behandla i Surnadal Formannskap mondag kveld, og vi gjengir saksframlegget og tilslutninga her.
Les heile saka
Så langt har IL Søya 30 påmeldte lag fra 11 ulike klubbar til Søyacupen som går av stablen laurdag 22. august. Påmeldingsfristen er på langt nær ute, og arrangørarane reknar med å komme opp i bortimot 60 påmeldte lag til slutt, som tidlegare år.
Les heile saka
Fredag kveld er det «Jonsvake» i Åsskard kyrkje, med Åsskard kyrkjekor som arragør. Det blir ein kveld med mykje song og musikk – mellom anna folketonar frå Todalen og slåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Jonsvaka startar kl 22.00 og utover mot midnatt.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag runda Ragnar av sin yrkeskarriere, og vart heilttids pensjonist. Sidan 1985 har L. Hals vore arbeidsplassen for Ragnar, berre nokre månader etter at butikken på Kvennset vart teken i bruk. – No skal det bli betre tid til alt som eg ikkje har fått tid til tidlegare, og så vil eg bruke meir tid til å sjå meg rundt og dra på turar – både korte og lange seier den nybaka pensjonisten.
Les heile saka
I barnehagen var det i går ei lita markering på at sommarferien snart er komen, og at heile seks ungar no sluttar, for å bli skuleungar. Foreldra til dei som no sluttar hadde med litt kaffebrød og barnehagen ordna med nystekte bakels, saft og kaffe. Veret held seg berre slik passe, så selskapet flytta innomhus etterkvart.
Les heile saka
Onsdag kveld – 1. juli kl 19.00 – er det klart for tidenes oppgjør mellom Todalen og Bøfjorden. Begge laga samler alle dei beste til eit landslag (iallafall etter same prinsipp som landslaget) og møtes på Bordholmen. Det blir altså eit blanda Todalslag mot eit blanda Bøfjord-lag, der spelarane som er lånt ut til andre lag stiller på sitt heimelag. Det blir nok litt av eit oppgjør – og uansett resultat så blir det returkamp i Bøfjorden etter ferien.
Les heile saka
Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem i neste veke på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Dagane ho vil vera der er tirsdag 7., onsdag 8. og torsdag 9. juli.
Les heile saka
Laksen har ikkje akkurat stått i kø dei første dagane av årets sesong. Men no løsnar det kanskje, for Sven Sandodden tok i allfall ein fin og lusfri laks i hølen Hagan laurdag. Han frista laksen med flue, og dermed satt den på – og kom på land.
Les heile saka
Konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart på mange vis ei flott og verdig avslutning på Todalsdagen 2015. Etter ein dag med stor aktivitet på Bordholmen, – sol frå blå himmel og massevis med folk som kosa seg i sommardagen, var det godt å sette seg ned og slappe av framfor scena på Todalshytta. Her […]
Les heile saka
Ræta opp er mosjonsløpet der du konkurrerer mest med deg sjølv. Det er lite alvor men likevel ein konkurranse der det gjeld å delta og kanskje flytte grenser. men du kan også prøve deg på løyperekorden, som er ei sterk tid – nemleg 11.59. Årets raskaste var Håvard Gjeldnes som kom i mål på 12.05.6 – […]
Les heile saka
Nok ein gong kan Todalen IL sjå tilbake på ein vel gjennomføret todalsdag med ypperlege verforhold til dei mange hundre frammøtte på Bordholmen Stadion. Her var det full fart for knøttespelarar, miniar og lilleguttar på fem banar til ei kvar tid.
Les heile saka
Da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag, pågikk øving og finpuss til kveldens konsert. Asle Beck, Yngve Kristiansen og Gunnar Westlie satt i kråa ved inngangen og finpussa på kveldens repertoar, og trioen gledde seg til å starte konserten på bakken framfor Todalshytta i det fine sumarvêret. Konserten på Todalshytta er eit samarbeid med Todalsdagen […]
Les heile saka