

Det er fine forhold i lysløypetraseen på Tjønnmyra melder Todalen I.L. Det er køyrt på spor i hele løypetraseen og det rapporteres om godt føre. Det lønner seg å være litt forsiktig, for vegen til Kårvatn er lagt med omkjøring via Tjønnmyra medan anleggsarbeidet ved Kufallfossen pågår. Men det er plass nok til alle og […]
Les heile sakaArtistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata ”Sæle jolekveld”, og fekk svært gode kritikkar.
Les heile sakaJa, det er overskrifta i ein e-post vi fikk hit til redaksjonen. Det er ein kunde som handlar fast på butikken her – Matkroken Todalen – som er bekymra for nærbutikken. Og det er ikkje så rart, for både Bæverfjord samvirkelag og Joker Kvanne (Stenberg) har slutta opp på grunn dårleg omsetning og økonomi. Der opplevde dei at kundane køyrde forbi, og handla i Surnadal – kanskje dei handla på veg heim etter arbeid.
Les heile sakaBoksleppet til Todalen historielag trekte rundt 70 historieinteresserte til Todalen ungdomshus i dag. Det var nemleg premieredag for årsskrift nr 16, og Todalen historielag kunne med stolthet presentere 84 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane. I Todalen er det knytta stor interesse til arbeidet med lokalhistoria, og historielaget har da også rundt 200 medlemar, og det seier sitt.
Les heile sakaDenne helga blir det sjakk igjen! Det skjer søndag kl 19:00 i Kaffekroken på Matkroken. – Enkelte har varsla sin ankomst, men det er plass til fleire, melder Todalen sjakklubb. Ta gjerne med eit sjakkbrett med brikker, og kom! Alle som har lyst er velkomne på sjakk!
Kårvatn fjellustyr er god i gang med 25-årsjubileet. Det er nemleg 25 år sia den spede start heime på loftet i 1992, og via butikken på gammellåven er butikken som framleis heiter Kårvatn Fjellustyr godt etablert i nylåven i tunet på Kårvatn. Vi tok ein tur for å lodde stemninga og smake sjokoladekaka som jubileumsannonsen lokka med.
Les heile sakaSett av torsdag kveld 30. november! Da kjem Jo Sverre med konsert i Todalen kyrkje, med start kl 19.30. Jo Sverre har svinga seg opp, og har vorte utruleg populær. Han deltok for øvrig på Raus-konserten i 2017. No kan du alstå få høre han i Todalen kyrkje.
Les heile sakaTorsdag kveld arrangerte Surnadal Heimbygdlag Kultursjå i Surnadal kulturhus; det vart ein svært så variert og innhaldsrik kulturkveld med godt oppmøte.
Les heile sakaBand 2 av det nye bygdebokverket for Surnadal er like om hjørnet! Det blir offisiell lansering i Bondehuset i Stangvika den 12. desember, men vi tjuvstartar med boksalget alt laurdag 9. desember. Da vil folk frå bygdebokprosjektet vera på plass ved Coop Ekstra på Skei med rykande ferske eksemplar av den nye boka.
Les heile sakaOmsorgberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer bygdefolket til julemiddag torsdag 30. november kl 13. Dette skjer sjølvsagt i Sanitetshuset, og på menyen står det tradisjonell ribbe m/tilbehør, samt dessert og kaffe etterpå.
Les heile sakaLaurdag 18. november kl 13 opnar salsutstillinga «Haustlys» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det 6 utstillarar som deltek på utstillinga og av lokale kjendisar er det todalingen Ingun Redalen White og surnadalingen Bjarne Stenberg som deltek. På utstillinga vil du få sjå ein herleg mix av billed-, keramikk- og tekstilkunst står det i pressemeldinga frå Surnadal kunstforening.
Les heile saka