Randi Helene Husby vart kåra til vinnar av Årets bilete på todalen.no for biletet «Snart kommer sola». Biletet var månadens bilete for januar 2017.
Les heile saka
Randi Helene Husby vart kåra til vinnar av Årets bilete på todalen.no for biletet «Snart kommer sola». Biletet var månadens bilete for januar 2017.
Les heile sakaFørstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det.
Les heile sakaI morgon torsdag 15. mars inviterer Surnadal Alpinsenter til eit lågterskeltilbud i snow-parken sin der alle har muligheit til å delta uansett ferdigheitsnivå. Her blir det muligheit til å forsøke seg på ein luftig strait-air på den minste hoppen eller ein dobbel backflipp på den aller største hoppen.
Les heile sakaLars Steinar Ansnes fekk målprisen for 2017. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Nordmøre mållag på Averøy laurdag 11. mars .
Les heile sakaMed vanlege årsmøtesaker på agendaen og leiar Stig Husby som ordstyrar gikk årsmøtet i Todalen.no kjapt unna. For andre år på rad har nettstaden eit negativ resultat, men det er ikkje nokon fare på ferde, seier leiaren. No tek styret grep for å snu denne trenden.
Les heile saka20. mars er det klart for årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Denne blir gjennomført av konfirmantene rundt om i kommunen, og Gro Hauge Venås frå kyrkjekontoret har sendt oss ei pressemelding.
Les heile sakaOgså Todalen Båtforening gjer seg klar til det årlege årsmøtet. Det blir på Pakkhuset Pub søndag 8. april melder styret:
Les heile sakaAt Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Anne Karin Elstad høyrer med blant Nordmørs-forfattarane, er alle samde om. Men kva med Arnulf Øverland – som er fødd i Kristiansund – eller Hans Kristiansen, Oslo-guten som mellom anna har skrive flotte dikt frå Kristiansund og frå Todalen?
Les heile sakaIndre Nordmøre forsvarsforening ( INF ) var nyleg samla til årsmøte. I ein uttale frå årsmøtet vil dei gje uttrykk for at dei er uroa over dei stadige øydeleggelsane som uver påfører samfunnet som følgje av klimaendringar. Årsmøtet oppmodar derfor kommunar og andre sivile instansar til å gå gjennom sine planar for beredskap og oppgradere desse, slik at vi i framtida mest muleg kan forebygge mot ekstreme vêrforhold.
Les heile sakaSjølv om det var snø i lufta og litt kald trekk, møttest åtte damer framfor Halsbua måndag 12. mars. Turruta vart bestemt i fellesskap der og da, og turen gjekk etter allmannvegen frå butikken innover Kvennsetgarden og rundt om Husbygardane.
Les heile sakaEi knippe ungar var i dag på Tjønnmyra og «rasa frå seg» i løypa og anlegget rundt. Her var det også rå å få kvile seg med ei pølse eller to rundt bålpanna om behovet meldte seg.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterte i dag naboforeningane til lokal Kvinnehelsedag, direkte frå Oslo kongressenter. Anledninga var at Norske Kvinners Sanitetsforening hadde streaming av sitt arrangement i Oslo, slik at enda fleire enn dei 1200 frammøtte i Oslo også kunne ta del i den store konferansen.
Les heile saka