Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KBK – til fots frå Storlidalen til Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. august 2018

Onsdag var KBK ute på sin årlege sponsortur, der team Thorsen inviterer med næringslivsrepresentanter på ein happening for å få inn sponsormidlar til klubben.  Kjetil Thorsen som er dagleg leiar i KBK er kjent for sin kreativitet når han «sanker» pengar til klubben og har gjennom ei årrekkje «gått inn» tilsammen 1,6 mill. til klubben. Denne gongen gikk altså turen frå Storlidalen og over fjellet til Kårvatn i Todalen med rundt 30 «betalande» på slep, og med Gudmund Kårvatn som guide og kjentmann.

Gudmund Kårvatn var guide og kjentmann på turen, og formidla både gammel og ny historie på vegen til Kårvatn. Foto. Jon Olav Ørsal

Med buss frå Kristiansund, og frukost på tur innover, bar det altså til Tovatna for å starte fotturen. Her var Gudmund Kårvatn på plass for å guide følget utover turstien gjennom Slangliøyann, Falla og utover Gammelseterdalen til Kårvatn. Gudmund spedde på med både gammel og ny historie på turen utover.  Det vart ein flott tur utover, og stemninga var på topp da følget kom til Kårvatn og gjorde ein avstikkar til Nauståfossen der både ordførar og kommunetoppar tok i mot med forfriskningar og kulturelt innslag.

Lokale kjendisar – Lars Lillegård, John Moe, Roar Nordvik og Roger Luneborg stilte som deltakarar for Talgø MøreTre. Foto: Roar Nordvik

Turen frå Storlidalen til Todalen ghar mykje historie å by på – her går turfølget etter vegen ned Falla som var under bygging på slutten av 1800-talet. Foto: Lars Lillegård

Etterpå gikk turen innom Kårvatn Fjellustyr, der Gudmund orienterte både om Kårvatn fjellgard og handelsverksemda ved Kårvatn fjellustyr og grossistfirmaet Kårvatn Handelskompani.  Etterpå bar det til Bordholmen, der det var høve til å ta ein dusj og skifte. Her kunne du korte ventetida med graut og bakels. Siste post på programmet var ein tur til Gammelfabrikken for omvisning og sosial samling før bussen fortsette til Thon Hotel Surnadal for overnatting.

Nedafor har vi lagt ut eit stor bildegalleri frå turen og happeningen ved Nauståfossen – ta deg tid og sjå om du ser kjentfolk?  Foto: lars Lillegård for fjellbilda og Jon Olav Ørsal for resten av bilda.

Publisert: 30. august 2018, 07:32