I kveld var det stille før stormen i Svinvika. Laurdag er det venta storinnrykk til ro-konkurransen og familiedagen på brygga i Svinvika. Det blir både leiar for borna og quizkonkurranse, og ikkje minst blir det servering av heimelaga fiskesuppe og nystekt brød frå Svinvik Gard og Steinovnbakeriet Slettnesset. SUSU-prosjektet står som arrangør, og arrangementet startar kl 13 og varer utover ettermiddagen til kl 16.