I dag var det skulestart for 100. gong ved Todalen skule, vel og merke ved dagens skule som vart teken i bruk hausten 1920. Skuleåret 2020/21 er det 23 elevar ved Todalen skule, ein nedgang på 5 elevar i høve til siste skuleår. Edvard Halle starta som einaste elev i 1.årstrinn i år. Dette er første gong sidan 1987 at det er berre ein elev som startar sin skulegang i 1.årstrinn.
Les heile saka
Etter ein knallgod sesong på Todalshytta er det tid for å runde av årets sommarsesong saman med laksefiskarane. Det har vore ein heilt eventyrleg sesong, seier Arve Evensen som i sommar har drevet Todalshytta saman med sonen Stian. Dette vart nærast ein prøvesesong for oss, og vi tok sesongen på sparket. Vi skreiv kontrakt med KNT om leie og drift av Todalshytta i slutten av april, og tok sjansen på at vi skulle få til dette som har vore draumen for oss i mange år. No er restauranten stengt, men vi har framleis ope for overnatting og begrenset servering, seier Arve Evensen.
Les heile saka
Her kjem månadens bilete vinnaren for juli, Ingrid Margrete Brokstad med feiring av «åvgått» hønhals vant med heile 146 av 341 stemmer.
Les heile saka
Torsdag 20. august går turen til Ranessetra. Vi samles ved bommen, fyller bilene og kjører derfra til vanlig tid, kl 11, skriv Stavganggruppa i en epost.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen I.L. melder at det blir friidrett på Bordholmen følgjande torsdagar framover:
20. august kl. 17:30 – 18:30
27. august kl. 17:30 – 18:30
3. september kl. 17:30 – 18:30
10. september kl. 17:30 – 18:30
17. september kl. 17:30 – 18:30
Les heile saka
Lørdag 5. og søndag 6. september er datoen for årets siste mulighet til å gjennomføre nybegynnerkurs «Veien-Til-Golf» i regi av Surnadal Golfklubb. Les vår «invitasjonsplakat» til kurset, med info om tidspunkt, påmelding osv.
Les heile saka
I dag vart dugnadsgjengen samla for å legge torvtak på gapahuken på Tjønnmyra. I samband med bygging a ny lysløype her vart det sett opp ein stor gapahuk, slik at det skulle være ein plass å kome under tak. Gapahuken har mange fasilitetar og er nok medverkande årsak til at anlegget er så mykje bruka – både vinter og sommar.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. august i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Nyferja Stangvikfjord la til kai på Kvanne i dag. Snart er ho klar for å ta fatt på oppgåva med å frakte folk og bilar over fjoren i sambandet Kvanne – Rykkjem. Den opprinnelege plana var egentleg at den skulle settes i trafikk i løpet av våren, men som så mykje anna vart også nyferja forsinka av situasjonen som har oppstått i samband med koronaviruset.
Les heile saka
Ved Todalen Mjølk i Pestua saknar dei 3 kviger som på eit eller anna vis har rømt i løpet av natta. Alt tyder på at dei har vore skikkeleg skremt av eit eller anna, for dei har forsert ei grind i full fart, fortel Anders A. Karlsen til Todalen.no. No er dei på rømmen og vi har ikkje sett snurten av dei, sjølv om vi har vore ute og rekonosert rundt omkring i bygda.
Les heile saka
Tysdag 18.8. går turen for Fjellgruppa i pensjonistlaget til Storhaugen i Todalen. Vi parkerer attafor Todalshytta og går ein fin rundtur – start kl 11:00. Ta med matpakke!
Turvertar er som vanleg Tor Asle, Brage og Kristian. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Etter to månader med eit eventyrleg laksefiske så ebbar sesongen ut natt til søndag. Laurdag 15. august kl 24:00 er det slutt for laksefisket i Toåa for i år. To dagar før slutt er status at det er teke 146 laks på til saman 512 kg.
Les heile saka