Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppstart «Barn i løypa» onsdag 13.januar på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 11. januar 2021

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det blir oppstart av «Barn i løypa» onsdag 13.januar kl. 17:30 i lysløypa på Tjønnmyra. Driftsstyret på Tjønnmyra melder at det er kjempefine forhold på Tjønnmyra, med nypreparerte løyper, så Barne og ungdomsgruppa håper mange ungar/ungdommar og vaksne tek turen onsdag kveld. 

Barne- og ungdomsgruppa har vore i kontakt med kommuneoverlegen og fått godkjent arrangementet under visse vilkår: «1-metersregelen» må overhaldast og arrangementet er ikkje ope for andre enn personar som bor i Todalen. Det vil heller ikkje bli servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Da er det berre å smøre skiene og finne fram resten av skiutstyret og ta turen på  til lysløypa på Tjønnmyra onsdag den 13.jaunuar klokka 17:30. 

 

Først publisert: 11. januar 2021, 17:18 - Sist oppdatert: 12. januar 2021, 21:12